Kollingan og nabotopper (15.10.2021)

Written by kolla (Kolbjørn Tjessem) GSM

Start point Bendiksmyr (625m)
Endpoint Bendiksmyr (625m)
Characteristic Hike
Duration 8h 00min
Map
Ascents Grasnuten (793m) 15.10.2021
Hornlinuten (826m) 15.10.2021
Kollingan Nord (894m) 15.10.2021
Kollingan (909m) 15.10.2021
Skurven (805m) 15.10.2021
Venelifjellet (900m) 15.10.2021
Vrålslinuten (813m) 15.10.2021
Visits of other PBEs Venelibu (804m) 15.10.2021

Fra Rv 41 er det skilta til Venelifjell. Dette er bomveg med 70 kr som betales kontant eller vipps. Vegen går opp til Bendiksmyr som er utgangspunkt for fleire turløyper i området. Eg gjekk via Venelibu opp til Venelifjellet og ned søraustryggen til Tjørnstøyl.
Så vidt eg veit er det ingen merka sti vidare til Kollingan så eg gjekk vidare i skogsterrenget opp til den toppen. Ned nordvestryggen og frå nordenden av tjørna var det bratt skogsveg nedover. Så oppom Grasnuten og eit stykke vestover gjennom skogen før eg fulgte ryggen nordover via Vrålslinuten.
Kom inn på grusveg i austenden av Hornlivatnet, og tok av på ein bratt skogsveg på sørsida av Hornlinuten. Denne vegen slutter på ca 700 moh, og så ein svak sti vidare opp til toppen. Gjekk ned nordvestryggen, og etter bare ca 50 hm ned kom eg inn på skogsveg så eg fulgte bratt ned til Hornlivatnet.
Så på god grusveg rundt austenden av Hornlivatnet og vidare vestover. I eit hogsfelt tok eg av på ein skogsveg oppover mot Skurven. Svært bratt fjellside på nordsida av Skurven, men fant ei renne/ kløft der eg klarte å klatre meg opp på eit vis. Kom til topps i skumringa og brukte lykt på siste del av turen ned sørsida gjennom skogen og kom etter kvart inn på ein skogsveg så eg fulgte ned til Bendiksmyr.

Infoskilt/ turstart ved Bendiksmyr.
Infoskilt/ turstart ved Bendiksmyr.
Venelibu med sørsida av Venelifjellet t.v.
Venelibu med sørsida av Venelifjellet t.v.
God sti i skogsterrenget opp til Venelifjelelt.
God sti i skogsterrenget opp til Venelifjelelt.
På toppen av Venelifjellet. Turkassen var tom for bok.
På toppen av Venelifjellet. Turkassen var tom for bok.
Utsikt VSV over Nisser 244 moh og Hægefjell 1021 moh.
Utsikt VSV over Nisser 244 moh og Hægefjell 1021 moh.
VNV mot det karakteristiske Roholtfjellet 1017 moh og Åhomnuten 843 moh foran t.h.
VNV mot det karakteristiske Roholtfjellet 1017 moh og Åhomnuten 843 moh foran t.h.
Nordaust mot Hornlinuten bak skiltet. Brokefjell 1074 moh lengst t.v.
Nordaust mot Hornlinuten bak skiltet. Brokefjell 1074 moh lengst t.v.
Aust mot Kollingan så blei min neste topp på denne turen.
Aust mot Kollingan så blei min neste topp på denne turen.
Varden på Kollingan. Flåvatn 72 moh t.v. som er ein del av Bandakvassdraget.
Varden på Kollingan. Flåvatn 72 moh t.v. som er ein del av Bandakvassdraget.
Trigpunkt/ jernbolt litt søraust for varden. Venelifjellet og Roholtfjellet bak t.v.
Trigpunkt/ jernbolt litt søraust for varden. Venelifjellet og Roholtfjellet bak t.v.
Mot Kollingan nord med Brakandalsfjellet 944 moh bak og Brokefjell 1074 moh t.v.
Mot Kollingan nord med Brakandalsfjellet 944 moh bak og Brokefjell 1074 moh t.v.
På Grasnuten med Hornlifjellet og Brokefjell/ Mannslagernuten i bakgrunnen.
På Grasnuten med Hornlifjellet og Brokefjell/ Mannslagernuten i bakgrunnen.
På Vrålslinuten. Ser VNV mot Roholtfjellet og Åhomnuten og Skurven litt t.v.
På Vrålslinuten. Ser VNV mot Roholtfjellet og Åhomnuten og Skurven litt t.v.
Tilbakeblikk mot Kollingan i midten og Grasnuten t.v.
Tilbakeblikk mot Kollingan i midten og Grasnuten t.v.
Trigpunkt på Hornlinuten litt søraust for toppen som ses i bakgrunnen litt t.v. for masta.
Trigpunkt på Hornlinuten litt søraust for toppen som ses i bakgrunnen litt t.v. for masta.
Toppunktet på Hornlinuten med Kollingan i bakgrunnen.
Toppunktet på Hornlinuten med Kollingan i bakgrunnen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.