Keipen og Blåhornet, Stranda 100 m komplett (29.09.2012)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Flydal (330m)
Endpoint Flydal (330m)
Characteristic Hillwalk
Duration 6h 00min
Distance 12.7km
Vertical meters 1,520m
Map
Ascents Blåhornet (1,667m) 29.09.2012
Keipen (1,379m) 29.09.2012

Lise og eg møtte Torleiv (Kroksleiven) på Statoil Nordfjordeid kl 0900. Han hadde heldigvis tankane med seg og spurde om tunellane på Strynefjellet. Etter ein tlfsamtale vart det klart at vi måtte henge på bussen frå Stryn 0940 for å kome igjennom. Då var det berre å drite i kaffimaskina på Statoil som etter 10 min oppvarming viste seg å ikkje fungere allikavel. Klampen i bånn langs Hornindalsvatnet, og i det vi kjem til Stryn svingar bussen ut i veien rett foran oss. Spann forbi bussen og opparbeida oss nok forsprang til å fylle kaffikoppane på Folven.

Planen var å gå frå Homlung i Geiranger men etter litt kartstudier valgde vi den kortare ruta frå Flydal. Ei lokal dame vi snakka med beskreiv terrenget som jungelmark. Lite gledar oss meir enn slikt terreng og det var med friskt mot vi la i vei. Vi gjekk mot ein stor svart hammar oppe i lia og under denne mot venstre. Vidare opp til ei mast/sendarinstallasjon. 2 timar frå Flydal til Keipen i godt driv, ingen spesielle vanskar. Flott utsikt frå Keipen, rett under oss låg Geiranger.

Frå Keipen lettgått til Blåhornet. God fast snø i gå på i nordsida men sikta forsvann etterkvart. God pause på toppen, og skydekket sprakk opp. Det var meldt godt ver utover ettermiddagen og det gjekk for ein gongs skuld som yr hadde meldt. Ein gledens dag på Blåhornet. Stranda kommune er ein seriøs fjellkommune med mange potensvekkande, høge og flotte toppar som krev lange turar og gir glimrande utsikt.

User comments

  • -
    avatar

    Toppjakt i Geiranger

    Written by otto 09.10.2012 21:18

    Da er du jo snart i mål der også.! Samlemani på alle som bruker dette nettstedet - alle listene like bra på hver sin måte..

  • -
    avatar

    Gratulerer

    Written by 500fjell 09.10.2012 20:05

    med Stranda komplett. Litt verre enn å komplettere østlandskommuner:) Imponert over aktiviteten borti vest! Har lyst til å samle sånn halvvegs seriøst på Stryn pf100 framover..

  • -
    avatar

    Toppjakt ved Geiranger

    Written by otto 09.10.2012 17:50

    Mente du alle topper i Stranda med pf 100...hvor mange er det.?

    Uansett gratulerer.!

    • -
      avatar

      Sv: Toppjakt ved Geiranger

      Written by boven 09.10.2012 19:01

      Takker Otto, og ja eg mente alle i Stranda med pf 100. Det er totalt 88 toppar. Samlar eigentleg på 50m lista der manglar eg enno 8 av 142, men dei får eg prøve ta på sikt. Og gratulerer tilbake med øytopplista! Imponerande, ikkje minst all planlegginga og reisinga som må ligge i eit slikt omfattande prosjekt. Kjem nok aldri til å samle på denne eller kommunelista. Har imidlertid ei spennande øy på blokka no, rett nok under 100 m. Klovningen i Vågsøy, 85 moh :-) Kanskje til helga, skal evt legge inn ein rapport. Lykke til vidare i nord!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.