Loddo (31.10.2021)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 2h 38min
Distance 8.9km
Vertical meters 438m
GPS
Ascents Loddo (243m) 31.10.2021
Vardfjellet (226m) 31.10.2021

Skammar meg over forarbeid og manglande orienteringssans på denne turen. Fann parkeringa greitt, skulle berre mangle sidan den var merkt med Loddo. Det starta å ausregne i det eg parkerte, så skifta til regnbukse, før eg gjekk av garde på noko som skulle bli ein lett, rask tur, hadde eg tenkt. Gjekk grusveg opp til der det stod eit skilt til Veten, og sidan ingen av dei andre skilta sa Loddo, og sidan eg trudde at eg hadde lese at Veten var eit anna namn på Loddo, tok eg av til høgre. Gps’en oppførte seg rart, tykte eg, men slutta at den ikkje verka (! Kor dum kan ein bli!). Og så følgde og følgde eg raudmerkt stig, til eg til slutt måtte spørje meg sjølv om eg ikkje gjekk i motsett retning? Då var eg på Vardfjellet, sa gps’en, og eg måtte snu hovudet 180 grader. I staden for å følgje mine eigne spor tilbake, gjekk eg på retning som eg no hadde fått etablert. Truleg heller ikkje noko sjakktrekk. Endte opp nede på vegen der eg først hadde tatt av, og gremma meg over å vere så idiot at eg gjekk bort frå fin grusveg med benkar å sitje på langs ruta. Siste stykket var stig, til og med rekkverk og tau lagt opp mot dagsturhytta der det var brattast. Eg gjekk vidare til tårnet, snakka med eit hyggjeleg par der. Tårnet eigna seg berre til éin person av gongen. Det var blitt opphaldsvær i løpet av turen, så sjølve Loddo gjekk eg til i sol. Glei på ein av trelemmane som var lagt i myrene mellom hytta og tårnet, då eg nett hadde starta heimturen. Beina forsvann under meg, og eg låg rett ut i myra. Heldigvis ingen skade skjedd. Var nede ved bilen etter, 8,9 km, 438 hm og 2 timar og 38 minutt på tur. Turen er eigenleg 5 km tur-retur. Gjekk aleine, og det forklarer alt tullet.

User comments

  • -
    avatar

    Ja, ikkje noko å klage på!

    Written by bakken59 01.11.2021 16:24

    Var budd på uvær, sidan eg hadde bestilt reisa for lenge sidan, men stort sett fint, sjølv om terrenget var heilt metta med væte.

  • -
    avatar

    Nedbørsrekord for oktober

    Written by Stigun 01.11.2021 10:30

    måned (ever) i regnbyen Bergen. Da er det godt gjort med 3 turdager med tilløp til sol og (nesten) opplett hele tiden. Gratulerer med fin kommunetopphelg i Vest!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.