Husafjell og Dyrafjell (13.02.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Veraland (265m)
Endpoint Veraland (265m)
Characteristic Hillwalk
Duration 3h 00min
Distance 6.9km
Vertical meters 219m
Map
Ascents Dyrafjellet (484m) 13.02.2021
Husafjellet (473m) 13.02.2021

Veraland er eit glimrande startpunkt for ei rekkje turar. Her kan du gå både til Kjøllesnuten, Bukkaknuten og Nonsknuten, men denne dagen valde me å gå til dei to toppane som ligg like ovanfor Tengesdalsvatnet: Husafjell og Dyrafjell. Turen er godt merka heile vegen, så det er lett å finne fram. Gå traktorvegen eit lite stykke og følg skilting til høgre ut i terrenget før du vert leia nokså bratt opp til Husafjellet. Her oppe har du flott utsikt både innover mot Stavanger og Ryfylke, vestover mot havet, og sørover fjella. Du ser òg neste topp like bortanfor, og du skal ikkje mykje ned og heller ikkje mykje opp igjen for å komme dit, så turen vidare er lett og fin. Fra Dyrafjellet ser du innover mot Lysefjordbrua, så utsikta her er òg storveis!
Turen går vidare ned til Svedalen. I stikrysset der nede kan du velje å gå beint fram og få med deg Nonsknuten og Bukkaknuten på same rundturen, men pga andre ting på programmet seinare denne dagen, valde me å tilbake til Veraland og heller spare dei to neste toppane til ein annan gong.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.