Randåsen (02.04.2021)

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Startsted Randåsen parkering (115moh)
Sluttsted Randåsen parkering (115moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 00min
Distanse 3,7km
Høydemeter 280m
Kart
Bestigninger Randåsen (373moh) 02.04.2021

På vestsida av øya Randøy i Hjelmeland finn du ei lita perle av ein tur. Fra parkeringsplassen ved fv561 følger du den merka grusvegen oppover. Når du kjem til eit avskoga område tar du ut i terrenget. Du skal fyrst opp ei nokså brått kneik før det flatar ut, og du går i nydeleg og variert landskap, skog, lyng og små vatn, og før du veit ordet av det, er du der ved utsiktspunktet. Benk til å sitje på er det òg, om du ikkje heller vil sitje på kanten og dingle med beina og nyte synet over Kotavågen nedanfor, Halsnøy og Børøy og Finnøy bakom der igjen. Rett og slett umåtelig vakkert er det der!
Returen går same veg - eller me gjorde i alle fall det. Det skal visst gå an å gå ein slags rundtur når du kjem eit stykke ned.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.