Vårlivarden (11.04.2021)

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Startsted Myrland
Sluttsted Myrland
Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 00min
Distanse 3,4km
Høydemeter 265m
Kart
Bestigninger Vårlivarden (388moh) 11.04.2021

Fra Vårlivarden har du ein av dei finaste utsiktene i Sandnes, i alle fall sett utfrå kor lett tilgjengeleg denne toppen er. Det er fleire startmoglegheiter, men den kortaste turen får du om du går frå Myrland. Her er det ein stor og fint tillaga parkeringsplass. Me tok til høgre i fyrste stiskilje og gjekk gjennom nydeleg kulturlandskap før me steig i høgdemetrane - ein flott tur oppover. Utsikta frå toppen er som sagt formidabel. Du ser både Stavanger og "halve" Ryfylke her frå. Ta med kikkert om du har!
Me valde å fortsette ned frå varden på andre sida og gjekk langs "eggen" nordover før me gjekk nedover og svingde tilbake til Myrland. Ein flott rundtur på berre drøye 3 km, men opplevinga er ikkje mindre for det!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.