Risåsknuten, Veraheia og Kubbåsen frå Leiken (18.10.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Kubbåsen (641m) 18.10.2021
Risåsknuten (569m) 18.10.2021
Veraheia (782m) 18.10.2021

Denne spontane fridagen var det meldt finver med litt vind og fare for regn utpå ettermiddagen. Første turen for dagen vart lagt til eit knippe toppar sør for Songesandvegen i Lyngsheia. Med tidleg start frå Leiken og den T-merka stien til Bakken var planen å få til ein rundtur over dei tre toppane med pf>50m i området, Risåsknuten, Veraheia og Kubbåsen ovanom Folkehjelpshytta. Utruleg nok heilt nytt terreng for meg, med unntak av ein skuletur på ski tilbake på 80-talet!

Det var frost og derfor glatt på berg og steinar, så eg måtte fota meg med litt kløkt. Vel inne ved den vesle Lomstjødna tok eg stilaust nordvestover mot Risåsknuten. Eg trudde dette skulle vera ein kjapp oppgang, men så synte det seg at det som var markert som toppen på kartet ikkje var toppen likevel. Med dagens nøyaktige flyscanning av terrenget framstår punktet lengst mot NV som høgast med sine 569moh, og dit ut er det 1,2 km å gå frå Lomstjødna. Fint og urørt terreng, god utsikt og oversikt over Nystøldalen var løn for strevet. Då brukte eg ein snau time til topps, og ditto t/r Lomstjødna.

Mot Nystøldalen med Tindafjellet og Hjelmen
Mot Nystøldalen med Tindafjellet og Hjelmen
Mot toppen av Risåsknuten
Mot toppen av Risåsknuten
På toppen av Risåsknuten med utsikt mot Nystøldalen, Tindafjellet og Hjelmen
På toppen av Risåsknuten med utsikt mot Nystøldalen, Tindafjellet og Hjelmen
Ved Lomstjødna
Ved Lomstjødna

Vegen vidare 300hm til topps på Veraheia var eg litt spent på, både stilaust og med potensielt isdekte berg som det var. Men så gjekk eg brått på ein sti, jamvel med nødlingar, som såg ut til å leia opp dit eg skulle. Vel oppe på berga var heller ikkje desse uframkomelege, så humøret steig fleire hakk. At utsikten også vart stadig betre, gjorde også sitt til at det var herleg å vera på tur. Spesielt flott var utsikten over Nystøldalen med Tindafjellet og den karakteristiske Hjelmen.

På veg opp mot Veraheia med tilbakeblikk mot flate Risåsknuten med Nystøltjødna og Lomstjødna
På veg opp mot Veraheia med tilbakeblikk mot flate Risåsknuten med Nystøltjødna og Lomstjødna
Lenger oppe på ryggen med utsikt mot Midtjødna og Båtskleiv med Tindafjellet og Hjelmen
Lenger oppe på ryggen med utsikt mot Midtjødna og Båtskleiv med Tindafjellet og Hjelmen
Mot Grasdalen
Mot Grasdalen
Oppunder toppen av Veraheia med nokså anonym utsikt mot Nystøldalen, men sentralt i bakgrunnen er både Krøysaheia og Bergeheia kjenneslege
Oppunder toppen av Veraheia med nokså anonym utsikt mot Nystøldalen, men sentralt i bakgrunnen er både Krøysaheia og Bergeheia kjenneslege

Det var ein del uryddig terreng med skrentar mot toppen av Veraheia, men vel oppe åpna det seg ny flott utsikt mot Sandvatnet og toppane heilt innover mot Sunnmork. Veret var framleis upåklageleg til tross for ein sur vind, og det såg greit ut å fortsetta rundturen ned mot Kubbåsen og Songesandvegen som eg kunne skimta mot nord. Frå Lomstjødna til topps på Veraheia brukte eg då 45 min.

På Veraheia med utsikt mot Krostølfjellet
På Veraheia med utsikt mot Krostølfjellet
Mot Sandvatnet
Mot Sandvatnet
Ved toppvarden på Veraheia med utsikt mot Årdal
Ved toppvarden på Veraheia med utsikt mot Årdal
Mot Midhei
Mot Midhei
Mot Sandvatnet, Jamnarheia og demningen i Lyngsvatnet
Mot Sandvatnet, Jamnarheia og demningen i Lyngsvatnet

Eg sleppte meg greit ned til utløpet av tjødna under Midhei og vidare ned mot 602-tjødna før eg snudde mot nordvest med kurs for karakteristiske Kubbåsen. Her gjekk det greit til topps og flott rundskue over området nord for Songesandvegen, som er delvis myrer, vatn og dyrka mark. Då gjekk det radig på 40 min. frå Veraheia, rett nok for det meste nedover. Etter ein matpause i le for vinden la eg returen ned mot Folkehjelpshytta og fekk 1,2 km på vegen tilbake til bilen.

Nedstigning frå Veraheia mot 602-tjødna
Nedstigning frå Veraheia mot 602-tjødna
Mot Kubbåsen
Mot Kubbåsen
På Kubbåsen med utsikt nordover mot myrer, vatn og dyrka mark på andre sida av Songesandvegen
På Kubbåsen med utsikt nordover mot myrer, vatn og dyrka mark på andre sida av Songesandvegen
Mot Livastøl
Mot Livastøl
Mot Folkehjelpshytta, Beinskjervatnet og Urdavatnet
Mot Folkehjelpshytta, Beinskjervatnet og Urdavatnet

Til saman 9 km, 550 hm og 3 ¼ timar i nytt og urørt terreng utan å sjå folk. Ei lirype og ein ravn stod for underhaldninga.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.