Hananipa (12.10.2021)
Written by Augustusogmegpaatur
Ascents | Hananipa (717m) | 12.10.2021 |
---|
Turen til Hananipa frå Skulstadvegen er ei perle av ein tur! Me gjekk ein tysdag føremiddag i haustferien, så det var ikkje så mange andre ute og gjekk, så me fann ledig parkering på den vesle parkeringsplassen oppe ved den siste garden i Skulstadvegen. Me følgde vegen, gjennom grinda, til endes ved Skulstadvatnet. Her følgde me skilta til venstre langs vatnet og opp i lia. Veret var aldeles nydeleg, kaldt og stilt og sol frå klår himmel. Etter kvart som me steig i høgda, låg frosten framleis på marka, og vel oppe var det godt å ta på både lue og vantar. Utsikta frå Hananipa er rett og slett storslått: Sørfjorden ligg nedanfor, stupbratt beint ned, Osterøy tvers over. Uansett kor du snur deg, ser du langt og lenger enn langt. Det er ikkje mange turar eg har gått som har vore så korte og lettgåtte, men likevel gitt så mykje utsikt.
Turen er ikkje på meir enn knappe 3 km kvar veg, og me brukte ca ein time opp og litt mindre ned igjen. Så er du så heldig at du bur i området, kan turen lett tas som ein ettermiddags- eller kveldstur. For oss som ikkje har tilhald i nærleiken, var turen perfekt for ein "gjennomreise-tur" på veg vidare til Fedje. Eg kjem gjerne tilbake hit!
User comments