Barfrostøving på Lifjell (16.10.2021)

Written by ersystopo (Erlend Råheim) GSM

Duration 3h 37min
Distance 15.4km
Vertical meters 1,509m
GPS
Ascents Blomtjønneggin (1,231m) 16.10.2021
Geitekyrkja (1,039m) 16.10.2021
Røysdalsnuten (1,291m) 16.10.2021
Sørvest for Røysdalsnuten (1,220m) 16.10.2021

Mælefjellet eller Røysdalsnuten med Lifjell-omgjevnad? Spørsmålet plaga meg ikkje kvelden før, då dette er eit luksusproblem. At véret var betre jo lenger sør-aust ein kom vart utslagsgjevande.
Lang motoranmarsj på gode grusvegar, fram til hytteparkering Grimås. Her fortener nokon skamros, for eg har nok ikkje nokon gong sett eit hytteområde der ein har passa inn bygga betre i naturen enn her. Utan veg, straum og andre inngrep enn nokre 50 mm vassleiinger. Og god avstand mellom hyttene!
Harepuls, og eg tek det skikkeleg med ro. Sti tek av mot Grimaren, som ikkje er nokon topp, men sikkert eit fint utsynspunkt når ein kjem opp på hytta om kvelden
Etter kvart tek eg av mot 'Sørvest for ..', som er eit fint punkt på over 1200 m, som er ei litt magisk grense i Lifjell. På vegen ser eg rype og lemen.

Mobilen, og med det kameraet, tek kvelden på toppen, utan at eg skjønar kvifor. Synd, for i retninga mot Grenland opnar det seg eit toppmotiv. Truleg er det vassflata på Norsjø som skin i sola.
Nordaustover, rundt kanten på Årstaultjønnet (veit ikkje om det løna seg), so opp og etter kvart inn på liten sti til toppen av Røysdalsnuten - krona på Lifjellet!
Det var ikkje lett å plukke ut Bjomtjønneggin i synsranda, men vegvalet er sjølvsagt. Springing i fint terreng ned til Store Tjorbuvatn, langs liten sti på austsida, sti frå bekken i vika, kutt rett opp, liten sti oppe på sjølve ryggen og so kutt opp det siste stykkjet. Her er utsynet søraustover mot det skinande vatnet enno betre.
So nestan draumeterreng (Lifjell er heilt på høgde med dei beste 'løpsfjella' eg har vore i) og etter kvart ned på hovedstien attende mot Grimås.
Geitekyrkja kunne ikkje verte ståande utan vitjing. Eit slete skilt syner vegen frå Holmetjønnet, men her kan ein tolke terrenget på flere måtar, so eg endar opp med å søke opp eit buldreparti. Oppe på ryggen gjeng det då eit kort stykkje mot vest til toppen. Small killer peak!
O sæle geiter som kjem her upp når sundagsklokkene kimar!
Ned via hyttestiar.
Eigentleg vart dette ein ganske kort helgetindetur, men eg prioriterer å kome heim i dagslys og å få meg 2 timar Hans Zimmer-musikk på NRK klassisk på vegen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.