På leit etter krigsminne på Brogaheia (17.10.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bergeheia (706m) 17.10.2021
Visits of other PBEs Langavatnet demning (450m) 17.10.2021
Brogaheia våpenkonteinere (645m) 17.10.2021

Etter dårleg vermelding før helga opprann denne søndagen med sol og vindstilt haustver av beste slag, og det var klart for ein lenge planlagt tur til Brogaheia ovanom Longavatnet. Ikkje er dette bare eit av dei finaste områda i Jørpelandsheia, men det er óg åstaden for eit viktig lokalt krigsminne, nemleg eit alliert våpenslepp i november 1944. Det er restar av dei 24 stålcontainerane som landa på Brogaheia den dag i dag, og eg hadde lyst til å dokumentera staden der dei vart gøymde av motstandskarane frå Jørpeland. Eg hadde ikkje vore ved gøymestaden på 30 år, så det var ganske spennande om eg faktisk ville finna han.

Eg starta frå den nyleg utvida parkeringa ved Liarvatnet, som var smekkfullt etter store nedbørsmengder dei siste dagane. Transportetappen inn til Grimsli gjekk unna på 50 min. Vidare var det god sti til vegdelet mot Holmavatnet, så meir krongle mot Forenesvatnet. Vel oppe på høgda ved vatnet var det beint fram nytt terreng for meg sommarstid, då eg ellers bare har vore her oppe i Ivar si hytte med båt. Stien sør og aust for vatnet var derfor ny for meg, og i skyggen og bløyta som rådde her denne dagen, vart det ein lite triveleg etappe. Men utsikten over vakre Forenesvatnet i haustveret var sjølvsagt eineståande.

Praktfull haustmorgon i Grimsli med Solknuten dominerande. Liarvatnet er smekkfullt etter ein periode med mykje nedbør
Praktfull haustmorgon i Grimsli med Solknuten dominerande. Liarvatnet er smekkfullt etter ein periode med mykje nedbør
Grimsliåna renn flaumstor med Krunefjell som bakteppe
Grimsliåna renn flaumstor med Krunefjell som bakteppe
Idyll ved Forenesvatnet med Vardhusheia i bakgrunnen
Idyll ved Forenesvatnet med Vardhusheia i bakgrunnen
Ved Forenesvatnet under Krunefjell
Ved Forenesvatnet under Krunefjell

Frå austenden av Forenesvatnet og vidare mot Longavatnet var det tørrare lende og ikkje minst sol, og vel oppe ved den gamle stemmen 1 times gange frå Grimsli var det tid for ein pause. Ikkje uventa var óg Longavatnet smekkfullt, og den utette steindemninga lakk som ei sil. Likevel var vannstanden rekordhøg slik at Vardhustjødnane og Longavatnet gjekk i eitt; eg har ikkje sett det slik på 30 år.

Tilbakeblikk mot Forenesvatnet og Tysdalsheia med Reinaknuten dominerande
Tilbakeblikk mot Forenesvatnet og Tysdalsheia med Reinaknuten dominerande
Longavatnet er smekkfullt, og den utette stemmen lek dugeleg
Longavatnet er smekkfullt, og den utette stemmen lek dugeleg
Idyll ved Longavatnet/Vardhustjødnane
Idyll ved Longavatnet/Vardhustjødnane
Skjenar og vognhjul frå anleggstida under krigen ligg lengst nord på stemmen
Skjenar og vognhjul frå anleggstida under krigen ligg lengst nord på stemmen

Vel oppe på Brogaheia steig spenninga nokre hakk då eg ikkje fant våpencontainerane med det same. Eg trudde dei låg i ei steinurd like nedanfor toppen av Bergeheia, men måtte søka både sørover og nordover langs fjellryggen. Og så, om lag 200m lenger nord ved ein framstikkande knaus, kom eg til ei grovblokka urd som kunne likna på den rette. Og sanneleg holdt det stikk, der låg dei rusta restane av våpensleppet slik eg hugsa det frå sist.

På den haustfarga Brogaheia
På den haustfarga Brogaheia
Restane av våpencontainerane frå krigen under Bergeheia. Prammafjellet sjåast i bakgrunnen
Restane av våpencontainerane frå krigen under Bergeheia. Prammafjellet sjåast i bakgrunnen
Containerane ligg gøymde i ei grovblokka urd
Containerane ligg gøymde i ei grovblokka urd

Det var ei iskald natt mellom 17. og 18. november 1944 fire Milorg-karar, av dei tre frå Jørpeland, tok imot 24 stappfulle containerar i snøen her oppe. Det var ikkje mindre enn 2 ½ tonn våpen og ammunisjon og nok til å væpna 100 mann i distriktet. Etter å ha brukt resten av den dagen til å slepa dei verdifulle forsyningane til gøymestaden der restane framleis ligg, gjekk frigjeringsvåren med til å frakta våpensleppet etappevis ned til Jørpeland og vidare til Stavanger. Dette var sjølvsagt eit farleg og tidkrevande arbeid, og det måtte gjerast av om lag 15 mann frå Jørpeland i helgene. Alt dette utan at fienden, arbeidsgjevaren, naboen og familien måtte vita noko, og utruleg nok gjekk det godt. Sanneleg eit stort offer, og verd å minnast for alle som legg vegen til Brogaheia!

Sjå link til den interessante rekonstruksjonen av flysleppet og motstandsarbeidet i Strand her: https://www.youtube.com/watch?v=xdBoKVjBAgQ

Etter ein ny pause til ettertanke og notering av den nøyaktige posisjonen til gøymestaden, gjekk heimturen min oppom toppen av Bergeheia for tredje gang i år, før retur om stemmen og Grimsli. Frå Bergeheia og tilbake til bilen gjekk det radig på 2 ½ timar.

Mot Grautabotn flankert av Krunefjell og Salane
Mot Grautabotn flankert av Krunefjell og Salane
På Bergeheia med praktfull utsikt mot Vardhusheia, Brogavatnet og Longavatnet
På Bergeheia med praktfull utsikt mot Vardhusheia, Brogavatnet og Longavatnet
Zoom mot Longavatnet som er smekkfullt og går i ett med begge Vardhustjødnane. Stemmen viser verdien sin som flomvern i Jørpelandsvassdraget
Zoom mot Longavatnet som er smekkfullt og går i ett med begge Vardhustjødnane. Stemmen viser verdien sin som flomvern i Jørpelandsvassdraget
Typisk natur i verneområdet som omfattar Longavatnet og Forenesvatnet. Reinaknuten dominerer i bakgrunnen
Typisk natur i verneområdet som omfattar Longavatnet og Forenesvatnet. Reinaknuten dominerer i bakgrunnen
Grimsliåna renn flaumstor
Grimsliåna renn flaumstor

Det vart fullklaff denne fine dagen i Jørpelandsheia, til saman 18 km, 500 hm og 5 ½ timar på tur. Det var nokre få folk å sjå innover i heia, og 4-5 orrfuglar av begge kjønn stod for det nevneverdige faunainnslaget.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.