Kleppsnuten og Osberg frå Åsvegen (16.10.2021)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Kleppsnuten (765m) 16.10.2021

Fin grå- og regnverstur i Erfjord, akkurat som meldt. Me kjørte eit stykke opp i Åsvegen for ein runde om Kleppsnuten og Osberg. Følgte den gamle driftevegen opp Åsdalen til Kleppsvatnet og vidare på nordsida nesten inn til Boglandsmyrane. Her tok me bratt opp Nordre Uraskard til platået på snaue 700moh. Her snudde me vestover og opp i skodda til varden på Kleppsnuten. Vidare vestover passerte me sør for Krune og Astridtjødna før me tok ein god matpause i hytteveggen ved Jentefjelltjødna. Her stod ein delvis kvitkledd røysekatt for overraskande underhaldning.

Ved utløpet av Kleppsvatnet
Ved utløpet av Kleppsvatnet
På veg opp Nordre Uraskard
På veg opp Nordre Uraskard
Dessverre dårleg sikt på Kleppsnuten denne gangen
Dessverre dårleg sikt på Kleppsnuten denne gangen
Tilbakeblikk mot Kleppsnuten
Tilbakeblikk mot Kleppsnuten
Me passerer sør for Krune
Me passerer sør for Krune
Mot austenden av Astridtjødna
Mot austenden av Astridtjødna

Her skein det etter kvart opp, og våte og kalde kunne me gleda oss over stadig betre utsikt nedover mot utsiktspunktet på Osberg. Her følgte me god sti langs ein markert morenerygg. På Osberg var det sjølvsagt rundskue av beste merke, sjølv om dei høgaste toppane innover i heia ennå låg i skodda. Ei ung havørn stod for underhaldninga her. Vidare følgte me god sti bratt tilbake til utgangspunktet.

Hytta ved Jentefjelltjødna der me hadde matpause
Hytta ved Jentefjelltjødna der me hadde matpause
Vidare mot Osberg følger me moreneryggen i framgrunnen. Skute sjåast sentralt i bildet, og Grytenuten og Fjetlandsnuten skimtast i skodda bakerst
Vidare mot Osberg følger me moreneryggen i framgrunnen. Skute sjåast sentralt i bildet, og Grytenuten og Fjetlandsnuten skimtast i skodda bakerst
På kanten av Osberg med heile Erfjord under oss. Me ser Bogsfjorden og Vik med Føljesvollvatnet
På kanten av Osberg med heile Erfjord under oss. Me ser Bogsfjorden og Vik med Føljesvollvatnet
Fjellkaren og to av heimefjella hans, Skute og Skipet
Fjellkaren og to av heimefjella hans, Skute og Skipet
På utsiktspunkt lenger sør med utsikt mot Tednes. Gunlanuten og Heranibba dominerer som alltid i Erfjord
På utsiktspunkt lenger sør med utsikt mot Tednes. Gunlanuten og Heranibba dominerer som alltid i Erfjord

Til saman 10 km, 650 hm og 5 timar på tur med ein god pause, utan nærare tidtaking.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.