Ifølge yr låg det an til siste fottur før snøen var venta til kvelden og vidare fram på langtidsvarselet. Tok sjansen på at dette skulle stemme! Noko som det faktisk gjorde på timen omtrent. Så det vart ein ufattelig flott og vellykka tur i brytninga imellom ein sein haust og ein gryande kong vinter. Dette ilag med dei meldte kulingkasta mot toppen av Storskavlen. Hærleg frisk tur med mange fine element å nyte.
Startutgangspunkt ifrå demning ved Langavatnet 1415 moh. mot Raudnosi 1540 moh. Undra meg på kvifor ikkje dette vatnet hadde to høgder sidan det var regulert! Legg ved ein interessant link og kjekk lesnad på dette feltet!
Flatnosi 1510 moh Her vart det pausestopp for å skue ein einsleg rein. Nokon fleire dyr i flokk var ikkje å observere! Det var ein litt sørgmodig følelse å sjå det eine dyret åleine! Nokre få ryper var også å sjå i snart heilt kvit drakt. Men, ellers lite dyreliv å sjå i dette riket.
Eit område med mange varder rundt omkring og til sannsynligvis ulike mål. Kjekt å finne denne brua! Det var bra vassføring i elva ifrå Hednedalsvatnet 1260 moh
Benutzerkommentare