Øykjafjellet er det eg vil karakterisere som ein undervurdert, liten topp! Eg høyrer sjelden at denne turen blir nemnd, men det burde han verkeleg! Det er ein skikkeleg fin liten tur som passar godt ein dag du ikkje har tid til dei lange og meir strabasiøse!
Du parkerer ved Noredalen samfunnshus og følgjer merka turveg langs grusveg eit stykke. Legg merke til at her er det beitedyr ute store delar av året, både sauar og storfe. Då me gjekk i april var kyrne heldigvis ikkje komne ut...
Turen kan kan gås som ein rundtur: me tok ikkje av frå grusvegen på den fyrste merkinga til Øykjafjell, men gjekk vidare eit stykke nordover til den neste, og så gjekk me heller ned motsatt veg. Slik eg oppfatta det, var det brattare ned enn opp, så då er det opp til deg kva du likar best: bratt opp eller bratt ned, og så tar du av mot toppen ut frå dine preferansar. Uansett korleis du kjem deg opp, utsikta vel oppe er slett ikkje verst! Så prøv den gjerne på denne turen!
Benutzerkommentare