Selvikstakken (27.04.2021)

Written by Augustusogmegpaatur

Start point Seldalsheia (300m)
Characteristic Hillwalk
Distance 8.0km
Vertical meters 300m
Map
Ascents Selvigstakken (597m) 27.04.2021

"Å beskrive denne turen går rett og slett ikkje an, det må berre opplevast!" skreiv eg på Instagram etter at eg hadde gått turen. Og ut.no seier at Selvikstakken har den finaste utsikta i heile Sandnes. Ja, det er faktisk sånn det er! Turen til Selvikstakken som stikk bratt opp tvers over Uburden og Forsand er ein av dei aller flotteste turane eg har gått! Eg gjekk tidleg ein tysdagsmorgon eg hadde fri og hadde heia for meg sjølve på heile turen. Stilt, passe varmt og strålande sol utan ei sky på himmelen - eg kunne ikkje bedt om noko betre!
Tur/retur den løypa eg gjekk var ca 8 km, og eg brukte knappe to timar opp. Turen startar i Seldalsheia på same parkeringa som til Bynuten, og du følgjer den same merka turen på grusvegen oppover. Eg valde å ta til venstre då eg kom til Løypedalstsjørna og gå på nordvestsida av denne slik at eg kom rett til bakken som går bratt opp til skaret mellom Serifjell og Selvikstakken. Og eg skal innrømme det, bakken opp var både bratt og tung, og når du kjem opp denne får du berre pustepause ei lita stund på flaten før det ber beint til Selvikstakken. Her er det meir eller mindre klatring som skal til, men du verda som det er verdt det! Utsikta frå toppen er berre formidabel, innover mot Dirdal og Frafjorden, over til Uburden, Forsand og Lysefjorden og utover mot Ryfylke og Stavanger. Bortenfor ser du varden på Bynuten, og har du god tid kan du ta denne i same slengen som ein lengre rundtur. Eg gjorde ikkje det, eg gjekk tilbake same veg ned, men ved Løypedalstjørna gjekk eg beint fram slik at eg følgde den gamle Lysevegen heilt tilbake til parkeringsplassen. Det kjendest eigentleg heilt fint... :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.