Gjekk frå Sørenden av Lølandsvatnet til nordenden av Ørtjørn, og så vestover i krevande skogsterreng til Lølandsfjell. Skodd over 300 moh. Ned igjen til Ørtjørn, og prøvde å gå over til austsida av tjørna, men bratte skrenter gjorde at eg gav opp og gjekk ned til Lølandsvatnet igjen. Prøvde så via Gausdal på skogsveg sør- og vestover og så sørover i skogsterrenget til Linknuten. Det var eit bra vegval. Skodda hadde nå heldigvis letta, men det var litt regn. Ned igjen via skogsvegen, og så austover på ein annen skogsveg, og så gjennom skogen over Eggeknuten ned til fv 466.
User comments