Åslandsnuten (07.03.2021)
Written by Augustusogmegpaatur
Ascents | Åslandsnuten (302m) | 07.03.2021 |
---|
Køyrer du E39 sørover frå Sandnes passerer du Åslandsnuten, og du har sikkert gjort som meg: køyrt forbi utan å legge merke til denne vesle toppen som ligg på venstre sida av vegen like før du kjem til Figgjo, rett etter Bråsteinsvatnet på motsatt side. Toppen verkar unnseleg der han stikk opp, men utsikta du får på toppen er noko heilt anna! Du får eit godt overblikk austover mot fjella i Sandnes-området og vestover til havs. Turen opp er òg nydeleg. Parker ved den den gamle jernbanen ved Bråstein og følg merka turveg oppover, fyrst over eit beita, så opp traktorvegen før du går ut og opp i terrenget. Du kan velje å gå ned same veg, men eg synest det er kjekkare å ta det som ein rundtur og gå ned på "Figgjo-sida", ned dei gamle tyskertrappene og forbi restane etter bygdeborga.
User comments