Siggjo (10.07.2021)

Skrevet av Augustusogmegpaatur

Turtype Fjelltur
Distanse 2,5km
Kart
Bestigninger Siggjo (473moh) 10.07.2021

Øya Bømlo i Vestland fylke har éin topp som ruvar høgt over alle dei andre: Siggjo! Ein laurdag i juli baud anledninga seg til å ta ein dagstur til Bømlo, og Augustus og eg nytta høvet til å gå til denne toppen som me hadde både høyrt og lese om. Frå parkeringsplassen langs fylkesvegen går du rett opp på merka tursti i terrenget. Og det går oppover heile tida. Eg opplevde stien som nokså krevjande å gå i pga masse røtter og store steinar, så eg vil tru at i vått ver må det ikkje vere heilt enkelt å gå der. Men for all del, det er ein flott tur - nydeleg natur og etter kvart flott utsikt bak deg mot Stord og vidare innover. Stien er òg svært godt tilrettelagt med bruer og kjettingar å halde seg i der det er aller brattast. Så all honnør og stor takk til dei som har gjort dette!
Turen er ikkje lang, berre 2,5 km kvar veg, så om det er bratt, går det fort over. Og utsikta frå toppen er så flott at du gløymer slitet; du ser langt til havs i vest, nordover langs alle øyane, austover til Stord og vidare innover, og sør til Haugalandet.
Så ta deg gjerne ein tur nesten ut i havgapet og gå denne turen! Du vil ikkje angre!

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.