Prest (03.08.2021)
Written by Augustusogmegpaatur
Visits of other PBEs | Presten ved Aurlandsfjorden - sti fra sør (825m) | 03.08.2021 |
---|
Denne dagen skulle eigentleg vere "køyredagen" vår på ferieturen i Hardanger, Sogn og Nordfjord. Me skulle stoppe i Flåm og i Aurland og køyre gamlevegen over fjellet til Lærdal og ta livet med ro. Men kva når turfølget finn ut at det finst ein topp me kan gå til som ligg heilt langs ruta vår? Jau, då me må jo berre gå!
Etter at me hadde stoppa på Stegastein og tatt dei obligatoriske bileta og nytt utsikta derfrå, parkerte me på tillaga parkeringsplass og følgde stimen med folk langs merka tursti. Det var ein del folk langs ruta, men eg skjønner jo kvifor - for ein nydeleg plass og tur! Sidan me skulle køyre eit stykke vidare nordover denne dagen, valde me riktignok å ikkje gå heilt opp til varden, me stoppa på det fyrste utsiktspunktet og snudde der. Men fordelen med det er jo at no veit me at turen er magisk, og at det er meir i vente!
User comments