Skomakernibbå (16.07.2021)

Geschrieben von Augustusogmegpaatur

Startpunkt Hagalid
Endpunkt Hagalid
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 4h 00min
Entfernung 11,0km
Karte
Besteigungen Høgeheia (743m) 16.07.2021

Hjelmeland har mykje flott å by på når det gjeld turmoglegheiter, og turen til Skomakernibbå må truleg stå blant dei aller øvste på lista! Tur/retur frå parkeringsplassen på Hagalid er det omtrent 11 km, og turen går fram og tilbake same veg. Etter du har passert gårdstunet etter parkeringsplassen, går du fyrst på traktorveg oppover lia. Deretter skal du bratt opp i skaret til Økstrafjellet. Det er bratt, men ikkje så langt, så ta den tida du treng, og stopp og nyt utsikta som kjem til syne etter kvar som du stig i terrenget. Når du er vel oppe, kan du senke skuldrane, for no er det "strake vegen" over den flate heia bortover mot sjølve Skomakernibbå. Utsikta både innover Jøsenfjorden og utover Boknafjorden (om du snur deg og ser bakover) er formidabel!
Sjølve Skomakernibbå ligg litt til venstre for den merka turstien når du går mot varden på toppen. Men stien ut er tydeleg, så han er ikkje så lett å gå glipp av. Utsikta er storslått oppe frå varden --óg, der ser du langt innover Ryfylkeheiane - verkeleg verdt å få med seg!
Nyt turen - dette blir fort ein favoritt!

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.