Smådalsfjellet (02.10.2021)

Geschrieben von Esone (Einar Moen) GSM

Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 1h 01min
Entfernung 5,7km
Höhenmeter 230m
GPS
Besteigungen Smådalsfjellet nord (1.280m) 02.10.2021 14:44
Nordvest for Smådalsfjellet (1.348m) 02.10.2021 14:56
Smådalsfjellet (1.372m) 02.10.2021 15:07
Besuche anderer PBE Grindane parkering (1.195m) 02.10.2021 14:32

Det blei rett på ny tur, etter at eg var tilbake frå Grindane. Greitt når ein kan ta ein ny tur frå same utganspunkt som bilen er parkert. Berre å snu seg 180 grader frå førre tur, og gå i motsett retning. Og denne ruta, denne topografien, var rake motsetnad av førre. Fleire runde koller, metta med lyng, runde fine former, og ikkje berg og fjell. Men berg og fjell elles er det rundt ein på alle kantar. Min fyrste tur oppe i dette område. Har sjølvsagt sikla på desse fjella lenge. Når ein kjem køyrande austafrå og ser fjella over Vang, særleg Bergsfjellet og Grindane, ja då kan ein nesten bli relegiøs. Men dei store mektige fjella oppi terrengen over Vang, har også snille flotte runde dalføre, og det er mektig natur på alle måtar. Og så lett tilgjengeleg med bomvegane oppi her. Dette blei ein fin-fin desert-tur.

Har passert to runde haugar, og ser tilbake mot Grindane.
Har passert to runde haugar, og ser tilbake mot Grindane.
Straks før toppen.
Straks før toppen.
Mot Giljafjellet.
Mot Giljafjellet.
Gråskarvet / Storlifjell.
Gråskarvet / Storlifjell.
Smådalen.
Smådalen.
Rankonøse.
Rankonøse.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.