Fingeren med klivrelaget (19.09.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Alpine climbing
Map
Ascents Fingeren (1,198m) 19.09.2021 18:58

Siste dagen med føring for Klivrelaget - i dag var det Fingeren og Sylen som stod på menyen.

Vi tok ei direkte rute opp nordryggen på Fingeren for å få litt klatring. Dette vart 2-3 taulengder med opptaksvis klatring og klyving. God stemning på toppen!

Sidan det var mykje att av dagen tok Andreas med seg to av klubbmedlemmane på Sylen. Dette var meir krevjande greier, så her var det på med svasko. Eg vart att nede for å ta bilete og kome med oppmuntrande tilrop. Alle kom seg både opp og ned i god stil, og med det var ei flott helg i nydelige ørstafjell over.

Takk for turen Andreas og Klivrelaget!

Sylen. Ser du Andreas opp i der?
Sylen. Ser du Andreas opp i der?

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.