Sylen og fingeren (17.09.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Start point Standalshytta (355m)
Characteristic Alpine climbing
Duration 48h 01min
Distance 8.8km
Vertical meters 990m
GPS
Ascents Sylen (1,260m) 19.09.2021 18:55
Fingeren (1,198m) 19.09.2021 18:56

Denne helga var det duka for føring på Standalseidet. For å gjere ei lang historie kort: i mitt forsøkl på å skaffe meg praksis etter metodekurset vart eg spurt av Klivrelaget i Ulsteinvik om eg kunne få til føringsturar for klubbsamlinga deira på Standalseidet laurdag og søndag 18-19. sept. Sidan eg jobbar med dette på Hamna Trening på Nordfjordeid fann vi ut at dette måtte vi prøve å få til. Sidan vi sjølv ikkje har NF-godkjenning, fekk eg min gode venn og taulagsmakker Andreas Nordstrand til å hoppe i bobilen og kome nedover. Han har fullført NF høgfjell og hadde både papira og erfaringa i orden. Vanskelig å seie nei til ei helg full av klatring midt i Sunmørsalpane.

Klivrelaget ønska turar kring Standalseidet, og vi landa på SV-egga på Søre Blåtind, og dei klassiske pinaklane Sylen og Fingeren. Blåtind sjekka eg ut for eit par veker sidan. I dag ville eg og Andreas sjekke rutene på Fingeren og Sylen.

Dagens krux var å finne kvarandre, ettersom eg rota meg vekk i Nordfjord sitt sporadiske bussnettverk, og Andreas rota seg vekk i dei vestlandske fjordane. Men vi fann kvarandre til slutt, og sjølv om sola stod høgt på himmelen rusla vi i veg opp fingersida.

Første stopp var Sylen. Her hadde vi lest på peakern om klatring på 5-talet opp det flotte diederet på sørsida, og vi fann ein topo på Sunnmøre Klatreklubb som kunne stemme med noko slikt. To taulendgder som kvar hadde sine krux på 5-.

Eg byrja på første lengde, og ana uråd allereie på starten. Vi hadde stivskoa på, og forstod raskt at dette var ein gammal femmar, for her var det ikkje berre å spasere opp. Men vi kom til topps med litt pust og pes og nydelig klatring. Flott klatring på ein virkelig kul topp. Vi sat ei stund og naut livet, og eg tenkte på kor heldig eg er som har dette rett i nabolaget – før vi rappellerte oss av i ein meget luftig rappell. Konklusjonen var at skulle ein ha med nokon opp her måtte dei ha litt oppdrift og klatreerfaring. Og svasko.

Så gikk vi til Fingeren, og fulgte normalvegen opp vestsida. Dette var grei klyving – litt utsatt til tider, men OK om ein er litt forsiktig. Flott her oppe også, men kanskje litt enkelt for Klivrelaget? Så på veg såg vi på ei mogleg rute meir direkte rute frå skaret og opp nordryggen.

Deretter tilbake til campen og ferdaråd med turdeltakararane før morgendagens tur til Søre Blåtind.

Toppen av Sylen!
Toppen av Sylen!
Andreas på Fingeren, med Kolåstinden bak
Andreas på Fingeren, med Kolåstinden bak
Start date 17.09.2021 13:51
(UTC+01:00 DST)
End date 17.09.2021 19:42
(UTC+01:00 DST)
Total Time 5h 50min
Moving Time 2h 51min
Stopped Time 2h 59min
Overall Average 1.2km/h
Moving Average 2.5km/h
Distance 7.2km
Vertical meters 893m

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by AndreasNordstrand 21.09.2021 10:29

    Takk for ei knall helg kompis! Masse fjellglede!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.