Sogndal: Torstadnakken + rundtur (19.09.2021)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Start point Anestølen (455m)
Endpoint Anestølen (455m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 01min
Distance 17.5km
Vertical meters 1,672m
GPS
Ascents Øst for Steindalsbreen (1,564m) 19.09.2021 10:17
Torstadnakken (1,568m) 19.09.2021 12:45
Nord for Torstadnakken (1,561m) 19.09.2021 13:53

Anestølen del 2. Anestølen del 1 er her: Sogndal/Luster: Tuftanovi, rundtur utanfor allfarveg

Vi hadde snakka om kortaste muleg rute til Torstadnakken rett opp frå Anestølen. Fra parkeringa såg dette ut som muleg. Vil understreke at dette ikkje er ei rute eg anbefaler! Fulgte den bratte og nedbeita sida oppover, delvis på geitetrakk. Etter kvart til venstre og opp ein bratt rygg med litt sva og bjørkekratt. Ikkje spesielt vanskeleg, berre veldig bratt. Kom så opp i Sauagrovbetnene der det gjekk nokre sauder ja. Så til høgre, eller sørover opp på ryggen som førte oss til topps. 2 store vardar her oppe, 1565-punkta, men ingen på høgste punkt. 1568-punktet er synleg med nokre steinar. Torstadnakken er ikkje noko spektakulær topp. Populær som skitur frå sør. Så skal du berre på denne er den ruta å anbefale. No skulle vi på rundtur. Fin rygg nordover til 1561-toppen. Denne var registrert her med pf 100 meter. GPS-målingar skar/topp viste 1464/1571. Har endra pf noko, den er nok godt innafor. Så vidare til utosen i Stora Tverrdalsvatnet. Opp sida og ryggen nordover til 1562-toppen. Gjekk eit parti på vestsida av ryggen, akkurat i brekanten. Denne er registrert med 92 pf pr i dag, er truleg meir. Utan breen er den garantert over 100. Uansett, når vi først var her skulle denne bestigast. Retur til vatnet og plukka opp sekkane. Delvis dyretrakk til Tverrdalsvotni, så brukbar sti ned til Anestølen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.