Torvikbukt 6 Topper (18.09.2021)
Written by aarvag (Steinar Aarvåg)
Ascents | Holtafjellet (610m) | 18.09.2021 |
---|---|---|
Nebba (658m) | 18.09.2021 | |
Nøssa (563m) | 18.09.2021 | |
Reinsfjellet (994m) | 18.09.2021 | |
Røtå (668m) | 18.09.2021 | |
Storlimana (532m) | 18.09.2021 |
"Norges hardaste halvmaraton" står det i invitasjonen frå arrangøren. Der trur eg jammen dei kan ha sitt på det reine, for det vart ei strabasiøs ferd over seks toppar med start og mål i Torvikbukt. Ikkje all verdens høgde på toppane i dette området, men til saman vart det knappe to tusen høgdemeter.
Det lille som var av lett terreng bestod stod sett av myrgamping, så her var det ingen kvile å få. Unnabakken ned frå Nebba til Torvikdalen var og av den krevande sorten, med bratt, sleip sti og slitne bein. Deretter rett i arbeid med bratt stigning til Røtå og Reinsfjellet, før det igjen var bratt ned til dagens siste topp.
Fekk plukka nokre plasseringar både opp til Reinsfjellet og ned mot mål, og lurte meg inn på Topp 10 med 2:55:41 som offisiell sluttid.
User comments