Smal og svingete veg opp til Nordåsen. Ingen anvist p-plass men mulig å parkere langs vegen. Gjekk vidare på god grusveg forbi gardane og vidare opp til Grasdalsvatnet. I nordenden av vatnet gjekk eg ut i terrenget austover opp til Midfjellet. Det er eit gjerde som følger kommunegrensa, men greit å finne egna plass å gå over.
Så vidare til Åsane som har mange knauser som det er umulig etter augemål å avgjere hvilken som er høgast. Ifølge kartet er den sørligste toppen høgast sjøl om det etter min vurdering ikkje såg sånn ut.
Retur over trigpunktet Norafjellet og via Dybingsknuten og Slettafjellet ned til grusvegen som eg så fulgte til sørenden av Grasdalsvatnet. Så vestover via Flatafjellet og Hestaknuten ned til Nordåsen igjen. Traff ein orrfugljeger med hund på Dybingsknuten, men hverken han eller eg hadde sett orrfugler. Relativt tung tur i høgt gras/ vegetasjon mesteparten av turen.
Benutzerkommentare