Holmevatnet rundtomkring (03.09.2021)

Written by JoSo (Johan Solberg) GSM

Start point Fagredalen (1,040m)
Characteristic Hillwalk
Duration 9h 58min
Distance 29.6km
Vertical meters 1,633m
GPS
Ascents Biskehyrna (1,472m) 03.09.2021
Grånosi (1,775m) 03.09.2021
Holmevassnosi (1,653m) 03.09.2021
Kvitekoven (1,657m) 03.09.2021
Nord for Spørteggbreen (1,755m) 03.09.2021
Visits of other PBEs Fagredalen p-plass (1,040m) 03.09.2021

Tur i lag med boven (Ove Lotsberg) - og kopi av hans rapport:

Det er skilta "Annleggsvei, dårleg standard". Det er ikkje rett. Asfalt langt oppover, så god grusveg. Ein tysk bobil i 1,4 mill-klassen stod på parkeringa. Ingen problem å kjøyre bobil opp her for dei som har det. Stor og romslig parkering. Så er det skilta "Holmevatnet 2t". Korleis ein kan bruke 2 timar på den biten må nesten skiltansvarlig (DNT?) svare på. Vi gjekk i roleg pratetempo dei 1,8 km til hytta på 35 minutt. Fulgte så stien langs vatnet før vi tok opp mot Holmevassnosi i steinete terreng. Var litt småsurt tidleg på dag, nesten sludd her oppe. Varden står truleg ikkje på høgste punkt, det ligg 50 meter nordover.

Så gjekk vi sørover forbi Klauvvatnet og opp mot breen. Steinete og tidkrevende terreng. På med broddar og opp blåisen. Her fekk vi dagens oppleving i det ein elg styltrer seg oppover isen. Den var truleg så fokusert at den ikkje såg oss der vi sat og styra med broddene i steinrøysa. For ein merkeleg ide! Den forsvann over breakulen i himmelsjå og vi såg den aldri igjen. Johan fekk nokre flotte bilder. Gjekk langt opp før vi knekkte austover mot Grånosi. Heldigvis var veret no mykje bedre og utover dagen vart det veldig fint.

Vidare tilbake over breen, over 1756-punktet og i enda meir stein ned til 1404-vatnet i Geisdalshalsane. Herifrå til Kvitekoven var det plutseleg veldig fint å gå. Varden på Kvitekoven står ikkje på høgste punkt, det ligg ca 20 meter austover og er tydeleg. Biskehyrna er registrert pr i dag med 100 pf. Ut fra kart skulle ein tru at den er under 100. Målingar med GPS viste 1372 i skar og 1475 på toppen, så den er truleg over.

Totalt sett ein lang og krevande tur i mykje stein og med brepassering.

Dagens overraskelse - ei elgku på blanke blåisen :-)
Dagens overraskelse - ei elgku på blanke blåisen :-)
Spørteggbreen
Spørteggbreen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.