Geite (04.09.2021)  5

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Duration 5h 49min
Distance 7.9km
Vertical meters 791m
GPS
Ascents Geite (2,002m) 04.09.2021 13:10

Sist helg var det Styggehøe og helg på Spiterstulen med bubil. Denne helga gikk vi for ein kjappare versjon. Dagstur til Leirdalen med turmål Geite. Transport med Polestar 2 frå Lærdal, over Tindevegen og Sognefjellet. Vi var litt spent på korleis det skulle gå med kryssing av elvar. Vi valde å starte ruta ca 2 km nord for Leirvassbu, og gikk slik korteste ruta. Hovudelva gikk greitt med vading. Vi passerte så Tverrbyttbekken sine to løp langt nede. Den siste hadde god vassføring, men vi vada på stein dekka av opptil 10 cm vatn, og kom over utan å bli blaut på føtene. Det var fint å gå grasbakkane oppover på skrå, i retning ganske rett mot toppen. Tok eit stykke ganske rett opp, for å unngå å gå inn i botnen. Grei rute. Ein del ur etter kvart i skrågang bort til bandet mellom Rundhøe og Geite. Opp satsa vi midt på slik vi hadde lese oss til. Det var to litt ekstra bratte parti. Eitt ganske tidleg i klyvinga, og eitt langt oppe. For begge sin del varda ut mot høgre sett nedanfrå (ut mot vest). Nedatt frå tinden heldt vi meir vest, noko som var beste rutevalet. Vi kunne sikkert ha klyvd rett opp slik vi byrja, men skrådde over etter vardar som viste opptaka. Litt rim på steinane oppover, så vi var forsiktige. På toppen blei vi heilt overvelda over utsikta. Storebjørn var feit og fin herifrå. Elles mykje luft ned og opp dalen, og til toppar i det fjerne. Storbrean var flott å sjå med glefsende sprekker, og spelet ettersom sola styrka og svekka seg gjennom små skydottar. Toppunktet var smalt, men trygt. Vi tok oss ein god lang pause, før vi returnerte. Berre å nyte her oppe. Fint å bruke egg-kanten til ryggstø. Det blei knipsa litt ekstra til heime-albumet. Sola skein, men det merkast at temperaturen har gått litt ned, og dagen er kortare. Fin og grei retur. Ca. 4:50 i gangtid roleg tempo. Samla turtid ein god time til. Kanskje siste 2000 meter topp i år.

Storebjørn og Geite. Frå turstart.
Storebjørn og Geite. Frå turstart.
Storebjørn og Geite frå litt inn i dalen.
Storebjørn og Geite frå litt inn i dalen.
Storbrean. Sokse, Sauen, Kniven, og Store Smørstabbtind.
Storbrean. Sokse, Sauen, Kniven, og Store Smørstabbtind.
Geite, Killingen og Sokse.
Geite, Killingen og Sokse.
Bjørnbrean. Veslebjørn, Bjørnungen, Killingen og Sokse. Varden på Geite.
Bjørnbrean. Veslebjørn, Bjørnungen, Killingen og Sokse. Varden på Geite.
Frå toppen.
Frå toppen.
Storebjørn i fin profil frå Geite.
Storebjørn i fin profil frå Geite.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.