Luster: Tverranibba og Dugurdskulen (04.09.2021)

Written by boven (Ove Lotsberg) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 7h 17min
Distance 19.4km
Vertical meters 1,610m
GPS
Ascents Vest for Tverranibba (1,576m) 04.09.2021 13:09
Dugurdskulen (1,330m) 04.09.2021 15:40

Parkerte der stien til Røykjedalen startar. Kan kjøyre ca 300 meter sørover fra hovudvegen. Eit innkjøring forbudt skilt var snudd, vi tolka det slik at det då var ok. Ein annan bil stod alt der, vi lurte oss til utan å parkere på marka. Veldig god sti oppover mot stølen og vidare innover dalen. Her møtte vi Einar Hesjevoll som samla sauer. Jerv var vist i området, kadaver funne dagen før. Vi lova å ta bilder og rapportere om vi fann noko. Gjekk langt innover dalen før vi tok opp mot ryggen. Så lett til høgste punkt. Her sat eit par fra Hafslo. Det vart mykje prat om fjell og ruter, stort kart vart bretta ut og peiking og fekting i alle retningar. Fantastisk utsikt mot Tunsbergdalsbreen/Jostedalsbreen. På returen plukka vi Dugurdskulen. Den er eigentleg ikkje mykje å fortelje om, anna enn å sjå på sporet vårt som var ganske bra.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.