Oppdal Fjellmaraton (28.08.2021)

Skrevet av aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Turlengde 4t 57min
Distanse 42,4km
Høydemeter 2145m
GPS
Bestigninger Grøliin Nord (1282moh) 28.08.2021
Grønhøa (1157moh) 28.08.2021
Høghøa (1308moh) 28.08.2021
Kinna (1250moh) 28.08.2021
Stensesbruna (1210moh) 28.08.2021
Storgruvpiken (1387moh) 28.08.2021
Vålåstadhåmmåren (1195moh) 28.08.2021
Andre besøkte PBE'er Gjevilvasshytta (710moh) 28.08.2021
Frå Gjevilvasshytta før start
Frå Gjevilvasshytta før start

Sommarens og årets treningsmål. Ein knapp times forbedring frå deltaking i 2018. Starta vel i overkant friskt, men med eit mål om under 5 timar så var det ikkje særleg rom for avslapping heller. Brukbare bein fram til passering halvvegs på Remmasetra, men derifrå vart det grusomt tungt. Sleit med kramper i det meste frå hofta og ned, og måtte grave ganske så djupt for å få noko framdrift. Likevel tilfreds med tida, og godt fornøgd med å få pressa det meste av krefter ut av ein sliten kropp. Til slutt inn på 11. plass, som var langt over forventning.

Temmeleg sikker på at det er meir å hente om ein står distansen betre - lengda i seg sjølv er ikkje avskrekkande, men å vere litt meir løpbar den siste halvdelen er nok fordelaktig... Berre å kome seg heim og øve til neste år.

Foto: Stinius Skjøtskift
Foto: Stinius Skjøtskift

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.