Takk og pris for at eg tok postbilen til overnattingslokale denne helga. Ganske greitt sidan drikking og rølprat skulle skje i vogna til Ellen og Johan. Og ikkje minst å sleppe å kjøyre den svingete, smale og dårlege grusvegen opp til Engjadalen med bobilen. Vidare til Vassvollane/Flatningane parkering bomveg, smal og bratt men forsåvidt ok. Bra parkeringsplass. Så vart turen til Grånosene av det veldig enkle slaget. Det er traktorspor å følgje til ca 1000 moh der eg tok av og gjekk austover retning Grånosene. Her var det eit bra trakk som gjekk å følgje stort sett til topps. Kjempelett tur!
User comments