Uranostraversen frå Sør. S2 - S1 - Topp (01.09.2021)  5

Written by 6982 (Jarle Vik)

Start point Innerst ved brua i Koldedalen
Characteristic Alpine trip
Duration 7h 00min
Map
Ascents Uranostinden (2,157m) 01.09.2021

Vi Køyrde langt inn i Koldedalen og campa der kvelden før. Avmarsj 08.30 neste dag.
Fin T-merka sti frå elva innerst i dalen. Vi reiv oss laus frå stien etterkvart og sikta oss rett inn på eggen. Om lag 90 minutt lett trasking før det byrja på verte bratt.

Gradvis brattare opp mot S2. Eit par opptak på slutten.

Flott transportetappe langs eit band frå S2 mot Toppen.

Siste etappe mot topp ser travel ut nede frå bandet, så vi fann fram tauet. Då vi starta viste det seg seg å vere lettare enn vi trudde, og vi enda opp med å ikkje sette sikringar i det heile. Tørt og fint fjell. Behovet for sikringar hadde nok vore større i regn.

Vi toppa ut om lag 12.30, 4 timar etter vi gjekk frå bilen.

Retur ned bre. Mykje vatn på breen, og mange sprekker. Sprekkene er størtst midt på breen der vatnet samlar seg. Tau her er naudsynt.

Etter breen fann vi lett stien vidare over ei tunge/odde mellom 2 vatn der elvane frå breen landar.

Camp i Koldedalen
Camp i Koldedalen

Koseleg spasertur inn mot egga.
Koseleg spasertur inn mot egga.
Nedløpet på breen, sett frå oppstigning mot S2.
Nedløpet på breen, sett frå oppstigning mot S2.
S2 i sikte.
S2 i sikte.
Frå oppstigning mot S2. Koldedalsvatnet heilt til høgre. 
Returen gjekk over tunga mellom vatna midt på bilde.
Frå oppstigning mot S2. Koldedalsvatnet heilt til høgre. Returen gjekk over tunga mellom vatna midt på bilde.
Frå S2 mot toppen.
Frå S2 mot toppen.
Frå bandet mot toppen. 
Ca 150 meter klatring/klyving.
Frå bandet mot toppen. Ca 150 meter klatring/klyving.
Frå toppen mot S2
Frå toppen mot S2
'10-meteren' på toppen.
'10-meteren' på toppen.
Retur over breen.
Retur over breen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.