Sørvestryggen på Søre Blåtind (31.08.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Characteristic Alpine climbing
Distance 8.6km
Vertical meters 1,006m
GPS
Ascents Søre Blåtind (1,279m) 31.08.2021 19:01
Visits of other PBEs Kalvedalen p-plass (358m) 31.08.2021 19:01

Sørvestryggen på Søre Blåtind skal vere ein moderat klassikar av ein alpin klatretur i Sunmørsalpane, og eg fekk med meg Axel på tur på ein tirsdag.

Det var litt medium værmeldingar og skodda låg lavt i fjella på mandagen. Men så tikka det inn bilete på insta om såkalla "underskya vær". Då vart mojoen skjerpa, og vi gikk for tur.

Avgang etter skulelevering, så det vart ikkje akkurat alpin start frå Kalvedalen P-plass. Men det gikk radig opp etter bakkane. Yr hadde varsla at skodda skulle lette etter kvart, men det gjorde den på ingen måte. Men vi stod jo til slutt på innsteget, og då var det jo dumt å ikkje klatre litt.

Grei klyving med tauet på dei to første lengdene før vi kom til det som måtte vere overhenget, som beskrive i føraren. Men vi var ikkje heilt sikre, så vi klødde oss litt i hovudet på kvar vi var. Men ut til høgre såg det laust og rotete ut, medan til venstre var det luftig men fast.

Så klatra eg opp til venstre, velsikra og luftig, før eg kom opp i virkelig flott klatring i eit fint riss. Riss?? Skulle ikkje det vere på sistelengda då? Ja, nettopp. Der var vi på toppen.

Det var berre å beklage til Axel at eg hadde tatt all klatringa. Men han fikk i det minste litt morsom klyving bortover toppryggen, der vi beholdt tauet på.

På toppen tok vi ei skjeve og venta på sola, men det berre tetna meir til. Vi kunne sjå konturane av flotte og stilige fjell, så vi forstår at dette er eit skue når sola står på. Men her vi sat i skodda var saken grei - det var ikkje noko poeng i å ta turen på nokon av nabotoppane i dette været.

Så var det klyving ned på baksida, ut austryggen til lavaste punkt, før kort trask tilbake til starten på sørvestryggen og samme veg tilbake til bilen.

Takk for turen Axel!

Innsteg
Innsteg
Topprisset
Topprisset
Stilige desse sunmørsalpane - det vi såg av dei i allefall
Stilige desse sunmørsalpane - det vi såg av dei i allefall
Tilløp til utsikt
Tilløp til utsikt
På veg ned. Fint her også!
På veg ned. Fint her også!
Start date 31.08.2021 10:30
(UTC+01:00 DST)
End date 31.08.2021 16:18
(UTC+01:00 DST)
Total Time 5h 47min
Moving Time 3h 13min
Stopped Time 2h 34min
Overall Average 1.5km/h
Moving Average 2.6km/h
Distance 8.6km
Vertical meters 1,006m

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.