Sogndal/Luster: Tuftanovi, rundtur utanfor allfarveg (29.08.2021)  6

Skrevet av boven (Ove Lotsberg) GSM

Startsted Anestølen (445moh)
Sluttsted Anestølen (445moh)
Turtype Fjelltur
Turlengde 9t 46min
Distanse 26,5km
Høydemeter 2453m
GPS
Bestigninger Tverrdalstind (1585moh) 29.08.2021 12:28
Tuftanovi (1643moh) 29.08.2021 12:57
Øst for Tuftanovi (1608moh) 29.08.2021 13:50
Nordvest for Kjerringdalen (1539moh) 29.08.2021 14:32
Kvitaberg Vesttoppen (1468moh) 29.08.2021 15:38

Etter mange runder med måling og grubling på korleis angripe dette området, vart løysinga 2 dagssturar. Den første ligg her, den andre som er Torstadnakken, nordtoppen og 1562 aust for Steindalsbreen blir ein anna gong. (Sogndal: Torstadnakken + rundtur) Anestølen er utgangspunkt for begge turane. Bomveg kr 50 for å komme inn. Bobil og campingvogn ikkje tillatt. Tilrettelagt og inngjerda parkering.

Bra sti oppover til Tverrdalsvotni. Her er det ei lita bru over elva. Vidare på sauetrakk/sti mot Store Tverrdalsvatnet. På sørsida av vatnet her var det ikke lett å gå, harde snøfonner og bratte parti. Måtte derfor opp eit stykke. I 1343-skaret viste GPS 7 km, og no starta rundturen. Veldig lett og fint å gå over Tverrdalstind og ryggen til Tuftanovi. Vidare litt meir stein/sva, så lange snøparti opp mot 1608. Nordryggen mot 1539 var uproblematisk. Mot 1468-toppen gjekk vi på austsida av ryggen før vi skar bratt opp ei renne. Det er sikkert muleg å klyve rett opp fra nord.

Så var det heimturen. Ned i den bortgjøymde dalen mot Botnatjørni og oppigjen på andre sida mot Skarvatnet. Sida ned var veldig bratt eit kort parti, men fleire mulige ruter. Så hadde vi studert oppgangen på andre sida av dalen. Gjekk mot ei lita elv oppover ei ur, kryssa over elva og ryggen oppover på sørsida av denne. Så runda vi rundt og inn i ei legendarisk hylle i fjellet som førte oss til Skarvatnet. Sør for dette vatnet ei ny brei snødekt hylle som var veldig god å følgje. Tilbake i skaret viste GPS nesten 20 km.

Ein skikkeleg flott tur med spennande terreng og rutevalg, heilt utanfor allfarveg.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Tittel mangler

    Skrevet av Fjellsamleren 31.08.2021 08:42

    Dette så ut som en flott runde!

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.