Gaular/Høyanger: Huldrenova, Skarfjellet og Geitebotsfjellet (22.08.2021)

Geschrieben von boven (Ove Lotsberg) GSM

Startpunkt Gjermundstadmyra (340m)
Endpunkt Gjermundstadmyra (340m)
Tourcharakter Bergtour
Tourlänge 5h 52min
Entfernung 17,5km
Höhenmeter 1.465m
GPS
Besteigungen Huldrenova (1.140m) 22.08.2021 12:17
Skarfjellet (1.353m) 22.08.2021 13:11
Sør for Geitebotnen (1.327m) 22.08.2021 14:21
Geitebotsfjellet (1.360m) 22.08.2021 14:54

Huldrenova og Skarfjellet kan ein lett ta ved å kjøre bomvegen fra Oppedal. Men du bør verkeleg lese info om denne før du kjøyrer! Oppedal-Stølsdalen bomveg No hadde eg som vanleg planar om ein rundtur. Parkerte langs vegen ved Gjermundstadmyra og gjekk veien innover. Det er skilta Gjermundstadskaret. Denne ruta krysser imidlertid Fossestien som er merka F. Her vart det litt krøll før eg fann eit svakt trakk som tok av. Det blir tydelegare og er veldig god å gå til du kjem opp i Gjermundstadskaret. Etter at eg kryssa brua ca 800 moh forsvann stien, men no var det lett å gå vidare.

Huldrenova. Høgde målt med GPS 1141-1142. Skaret i strupen målt til 1041. Enno ikke meterskoter på hoydedata men har leita rundt med pila og denne er veldig truleg 100 + pf. Endrar den til 100 no, så får eg heller korrigere når endelege koter kjem og det er lettare å finne det eksakte skarpunktet.

Fra Strupen fann eg til mi store overrasking oransje merker på steinar oppover, samt nokre vardar. Det var ikkje lett å følgje, men det er heller ikkje heilt avgjerande. Fleire muligheter opp den bratte sida. Eg valgte nokre bratte klyveparti på tørt fjell med god friksjon. Fra Skarfjellet til Geitebotsfjellet langdrygt i litt krevande terreng. Gjekk så nordover ned ryggen til Rindebotsvatnet. Kryssa elva fra utosen og fann ein sti nedover. Mista den fleire gonger og fann den igjen. Ikkje lett å følgje men greit å gå uansett. Skar så mot skogsveien mot Hov og langs hovudvegen tilbake til Gjermundstad. Gjekk gjennom eit av dei mest legendariske gardstuna i Sogn og Fjordane som klingande nok har namnet Hola.

Ein skikkeleg rundtur med litt krevande terreng og spennande veivalg. Rett på NRK sport og Heia Fotball. Obligatorisk chips og cola på Skei med tilhøyrande kroppslyder.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.