Dyrhovden, via elsykkel og føtene (08.08.2021)  5

Written by Hommpbollen (Tor)

Characteristic Bike trip - mixed
Duration 4h 00min
Distance 25.8km
Vertical meters 1,079m
GPS
Ascents Dyrhovden (948m) 08.08.2021 13:49
Visits of other PBEs Statnett Asbjørnhaugen - stengt vei (190m) 08.08.2021 11:46
Asbjørnhaugen parkeringsplass (183m) 08.08.2021 11:46

Etter gårsdagens suksess var det lite som kunne hindre meg og jentungen i å nå den siste lågtliggjande primærtoppen, Dyrhovden, på motsett side (Sogndalsdalen). Dyrhovden er i underkant av 1000 moh, men kan vere seig å nå fordi den ligg litt langt frå hovudveg og parkeringsmoglegheiter. Det vil seie, viss ein då ikkje tek i bruk skogsvegane inn mot toppen på ein effektiv måte. Med effektiv meiner eg bil eller sykkel, men eg vil likevel ikkje anbefale nokon å nytte teslaen sin inn Drivdalsvegen (sør-vest for toppen) eller stigninga opp mot Liastølen (nord-vest for toppen). Ein får sikkert løyve frå grunneigar til å parkere ved garden Geirane, men herfrå og tilbake egnar seg ikkje for ein gjennomsnitteleg sprek - og gjennomsnitteleg motivert - 5-åring.

Altså vart løysinga å ta elsykkelen med vogn opp til Liastølen, med jenta og hunden baki. Jenta var nøgd, men hunden ville gå sjølv og maste og var sur. Bortsett frå dette gjekk syklinga rimeleg bra opp til aller siste bakken, der ca. 20-25 % stigning på grus satte ein brå stoppar for kva ein sliten mann kunne klare. Far og dotter fekk likevel dytta sykkelen opp dei siste 50 meterane med sukk og stønn, og puls på 175.

Og så starta fjellturen.

Bortsett frå litt klatring starten var det stort sett forholdsvis flatt/mindre kupert fram til toppen. Det var ingen stiar som leia direkte bort dit, og vi gjekk oss difor inn på eit dyretråkk som vi trudde førte bort til Dyrhovden. Etter eit raskt kartsjekk fant likevel vi ut at dette kun var ein (markert) "fortopp", til stor frustrasjon for jentungen. Humøret kom på gli etter litt sjokolade, og så bar det det dei siste meterane bort til sjølve Dyrhovden. Det var eit flott og vidstrakt område med åsar og småtoppar mellom frodig snaufjell, og med utsikt til høge fjell, fjord og bre (Myrdalsbreen). Ei ørn såg vi og.

Frå Dyrhovden var det ein superb panoramutsikt i alle retningar.

Nokre slitne dyr etter ein lang og tørr tur.
Nokre slitne dyr etter ein lang og tørr tur.

Vegen tilbake gjekk meir i luftlinje over tørrlagte bekkefar og myrterreng. Det var ille kor tørt det var, og den stakkars hunden vart berre meir og meir andpusten. Denne gongen var det ikkje eit knyst då han endeleg kunne krype tilbake i sykkelvogna. Så bar det rett heim i rasande fart.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.