Middagsfjellet og Trolltinden (08.08.2021)
Geschrieben von Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Besteigungen | Middagsfjellet (902m) | 08.08.2021 11:28 |
---|---|---|
Trolltinden (1.170m) | 08.08.2021 12:51 | |
Besuche anderer PBE | Seterveien p-plass (300m) | 08.08.2021 09:52 |
Siste dag på vestlandsferie. Vi køyrde inn bomvegen frå Tomrefjord, og parkerte på den store parkeringsplassen ved lysløypa. Oppover derifrå var det godt råk. På trigpunktet 848moh var det stor og flott varde. Ikkje like flott varde på sjølve Middagsfjellet, men fin utsikt. Videre gjekk vi til Trolltinden. Vi hadde lest at denne ruta blir kalt for "Lille-Besseggen", men det var vanskeleg å sjå dei heilt store likhetane, men det var uansett veldig fint å gå der.
På Trolltinden var det to store vardar. Toppboka var på varden litt nedunder toppen. Vi såg så vidt på ruta nedover og over til Ytstetinden, men den var ikkje aktuell da vi skulle køyre heim att til Austlandet. Kanskje ikkje så truleg at vi hadde prøvd uansett. Ryggen ned frå Trolltinden såg bratt, spiss og luftig ut.
Nesten oppe på Middagstinden att møtte vi den einaste personen på denne turen, stor kontrast til Blåskjerdingen dagen før, der vi møtte nærmere 20 stykk.
Etter turen køyrde vi heim til Gåsbu, med stopp på Trollveggen Besøkssenter, salatkjøp på Kiwi Dombås og burger på McDonalds på Lillehammer.
Ein riktig flott ferie på vestlandet.
Benutzerkommentare