Store Trolltind via nordaustryggen (07.08.2021)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Duration 0h 1min
Distance 15.2km
Vertical meters 1,423m
GPS
Ascents Norafjellet (959m) 07.08.2021 21:09
Nordre Trolltinden (1,482m) 07.08.2021 21:10
Store Trolltinden (1,788m) 07.08.2021 21:10
Visits of other PBEs Frokostplassen (1,315m) 07.08.2021 21:09
Norafjellet - parkeringslomme (50m) 07.08.2021 21:09
Trollstigen Parkeringsplass (697m) 07.08.2021 21:09
Bruraskaret (1,550m) 07.08.2021 21:10

Eg og Erlend har lenge tenkt oss på nordaustegga på Store Trolltind, men ting har ein tendens til å ta litt tid før det blir satt ut i livet. I mellomtida har jo denne ruta blitt instagramfavoritt, og tilogmed 71 grader nord har rusla opp ruta. Vel vel, om den ikkje kunne reknast som ekstremsport lenger så har den kanskje til gjengjeld ein god sti vi kunne følge.

Nervøs som eg er var det mykje diskusjon om vinden dagen før. Men då laurdags morgon kom var værmeldiga gode greier, og det var berre å kome seg avgårde. Vi hadde avgang frå Soggemoen 7 blank.

Anmarsj og utmarsj gjer jo dette til ein lang tur. No skulle det jo vere mogleg å finne vatn på Norafjell, men grunna den litt tørre sommaren hadde eg fyllt camelbacken min bra allerede frå bilen – her skulle det ikkje bli tomt for vatn! Til gjengjeld vart det jo litt tung sekk opp bakkane, og slikt blir jo ein svett av *pust pes

Dagens turmål
Dagens turmål
Siste biten mot nordre. Bra utsikt.
Siste biten mot nordre. Bra utsikt.

Trask trask opp alle bakkane, heilt til Nordre på 1482. Her fekk vi heile Trollveggen i fleisen – ganske flott! Og her var eg også tom for vatn. Forklarte kanskje kvifor eg kjende meg så lett i beina på slutten. Lurt av Erlend å fylle på Norafjell då.

Vi hadde høyrt litt om dette rappellfestet, og det viste seg jo å vere av det luftige slaget. Så vi leita fram racket og sikra ned dei 4-5 meterane til festet. Og ærlig tala: på denne turen er tauet med først og fremst som sikkerhetsbelte – for klatringa er jo aldri særlig vanskelig. Metera ned til rappellfestet er det farligaste på heile turen, og det er lett å sikre. Det tar like lang tid å sikre seg ned som det tar før ein landar nede i romsdalen om ein skulle ramle. Og ein får god tid til å tenke seg om før ein treff bakken - om kor unødvendig det var å ikkje sikre for eksempel.

Enda meir utsikt!
Enda meir utsikt!

Vel nede var det grei skuring over ryggen, med nokre utsette men enkle punkt. Vi klyvde litt opp og sette standplass på ei hylle under eit riss.

Klatringa er det ikkje så veldig mykje å seie om anna enn at vi brukte 7 lengder som alle var over 50m. Klatringa var enkel, og sjølv om det var sti så rota vi oss vekk eit par gonger, og kom over i lause greier og kompakt fjell. Men enkelt. Erlend bomma litt på uttoppinga og rota seg bort i nokon lause blokker ein ikkje ville ha i fanget, men det var også det mest dramatiske. Dette er altså ikkje ein tur for den flotte klatringa, men settingen er jo meget sexy!

Det klatrast!
Det klatrast!

Då Erlend kika over kanten mot toppen såg han rett i fjeset på ein kar frå Ytre Nordfjord Turlag, og begge vart like overraska. Men då eg kom ut av den skuggefulle nordsida var det altså sol og varmt, fullt av folk og god stemning. Ja slik er det i Romsdalen. Etter litt fotoshoots, glaning på høge fjellveggar, flæsjing av klatreutstyr til eit imponert publikum, og eting av skjeve, var det på tide å kome seg ned.

Lagbilete på toppen
Lagbilete på toppen
Nytt lagbilete ved det berømte skiltet på bruraskaret. Ingen har tenkt å hoppe her altså - det er jo farlig.
Nytt lagbilete ved det berømte skiltet på bruraskaret. Ingen har tenkt å hoppe her altså - det er jo farlig.

Normalvegen til Store Trolltind er jo morsom, der den slynger seg gjennom renner og galleri i den bratte vestsida. Vi tok ein pause ved bruraskaret for å nyte utsikta. Det var heilt stilt over trollveggen, og eit taulag kunne skimtast på det eg trur må vere Norskeruta. Trollveggen er SÅ drøy. Milde måne, det er så hardcore å klatre den lause, bratte saken der!

Vidare var det stein på stein på stein heile vegen til Trollstigsenteret, berre avbrote av eit iskaldt men oppfriskande bad mellom isfjella ved frokostplassen. Deretter vart det leskedrikk og god stemning i teltet.

Stemningsrapport frå ura.
Stemningsrapport frå ura.
Ser jo nøgd ut han her då!
Ser jo nøgd ut han her då!

Takk for turen Erlend. Dette var saker!

Start date 07.08.2021 07:02
(UTC+01:00 DST)
End date 07.08.2021 19:15
(UTC+01:00 DST)
Total Time 12h 13min
Moving Time 5h 47min
Stopped Time 6h 25min
Overall Average 1.1km/h
Moving Average 2.4km/h
Distance 13.8km
Vertical meters 1,893m

User comments

  • -
    avatar

    Indrefilet!

    Written by Affen 14.08.2021 11:07

    Lett å forstå populariteten når jeg ser de lekre bildene dine!

    Uten å ha vert der selv (eller alle andre steder i landet forøvrig) så kan jeg ikke se for meg at du finner så mye mer spektakulære ruter på denne graden, når man snakker posisjon og omgivelser.

    Dette er en av turene som har stått på to-do-lista mi i over 10 år, men aldri blitt.

    Når jeg i tillegg hørte at 71-skuta ankret opp der oppe så skjønte jeg vel at det kanskje blir enda noen år til.

    Har hørt fargerike beskrivelser av rappellfestet på Nordre jeg også :-)

    Men selen skal jo på og tauet frem i selve rappellen, så sikring ned burde ikke utgjøre særlig mye merarbeid. Støttes 100%.

    Vel blåst!

    • -
      avatar

      Sv: Indrefilet!

      Written by kobbenes 15.08.2021 08:37

      ja dette er ein knallfin tur med eit behagelig nivå av ekstremsport :-) og ikkje minst ei fin vandring i eit av dei mest legendariske områda i norsk fjellsport! anbefalast om du får sjangsen!

  • -
    avatar

    wow

    Written by ligroenb 13.08.2021 22:56

    Gratulerer med flott tur og for noen fantastiske bilder! Nå fikk jeg skikkelig lyst på en mer alpin tur igjen kjenner jeg :-)

    • -
      avatar

      Sv: wow

      Written by kobbenes 14.08.2021 09:12

      takk for det! eg er med på alpine eventyr, om det trengs turfølge så det er berre å gi ein lyd :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.