Frostatinden (04.08.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Vardtua (758m) | 04.08.2021 14:17 |
---|---|---|
Frostadvarden (801m) | 04.08.2021 14:31 | |
Frostadtinden (807m) | 04.08.2021 14:42 | |
Oterfjellet (728m) | 04.08.2021 15:54 | |
Melen (806m) | 04.08.2021 17:58 | |
Visits of other PBEs | Reset p-plass (305m) | 04.08.2021 13:12 |
Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på litt høgare toppar denne dagen, men det var litt overskya, og skodde på ein del av dei høgare toppane, så da vart det Frostatinden. Det var ikkje noko dårleg val, for det vart ein fin tur.
Mange bilar på parkeringsplassen da vi parkerte. Råket oppover mot Litlevatnet var bra, og vi møtte på nokon få personar. Etter at vi hadde passert grusvegen som går frå Høgsetra til Svartevatnet vart råket veldig stort, og der var det mykje folk som gjekk.
Vi gjekk over Vardtua til Frostavarden, der det var ein stor og flott varde. Her var det tydeleg at dei aller fleste seier seg nøgd på turen, for vidare mot Frostadtinden vart råket mykje mindre. Forsåvidt ikkje mykje "tind" over Frostatinden.
Frå Frostatinden følgde vi råket nedover til Vatneskardet. Her nedover var det greitt råk, men ikkje på langt nær så bra som frå andre sida. Frå Vatneskardet tok vi av der råket var teikna inn på kartet mot Oterfjellet, og det var litt antydning til råk til å byrje med, men det forsvann fort. Oppe på ryggen, som går mot vest, kom vi inn på råket, som var fint å følgje.
Vel nede frå Oterfjellet gjekk vi i vegen oppover mot Melen. Det vart ein tung bakke, men fint underlag å gå på. Melen hadde vi sett på før på dagen da vi køyrde gjennom Fiksdalen. Eit utroleg flott fjell derifrå, men ikkje fult så spektakulært frå der vi gjekk, men ein fin topp.
Godt råk ned til parkeringa at. Ein flott tur. Etter turen lånte vi dusj på Circle-K Digernes, og lagde middag på stormkjøkken på parkeringa der. Første gong vi prøvde gass på stormkjøkkenet i staden for raudsprit, det fungerte bra. Vi køyrde så til parkeringa ved Vardane på Sula, og overnatta der.
User comments