Store Midtmaradalstind (03.08.2021)

Written by ilyslo GSM

Start point Hjelle parkering (75m)
Duration 13h 55min
Distance 33.0km
Vertical meters 2,300m
GPS
Ascents Midtmaradalsryggen (1,761m) 03.08.2021 07:51
Midtmaradalsryggen S3 (1,552m) 03.08.2021 07:51
Stølsnosi (1,542m) 03.08.2021 13:08
Store Midtmaradalstinden (2,056m) 03.08.2021 16:23
Vetle Midtmaradalstinden (2,017m) 03.08.2021 16:23
Søre Midtmaradalstinden (1,959m) 03.08.2021 16:56
Midtmaradalsryggen S2 (1,573m) 03.08.2021 18:48
Visits of other PBEs Vetti Gard Turiststasjon (320m) 03.08.2021 07:51
Hjelle parkeringsplass (75m) 03.08.2021 07:51
Stølsmaradalen (846m) 03.08.2021 10:45

Lang soloavstikker på biltur Øygarden-Sandane. Overnatta på Hjelle parkering (som har toalett!) og sykla avgårde kl 07.50 mot Hjelle gard. Ankom idylliske Stølsmaradalen etter herleg multelunsj ca kl 10.30 der eg møtte to som hadde overnatta. Åleine vidare mot toppen gikk tempoet ned for det var verkeleg drøyt langt, dette. La igjen sekken eit stykke forbi Stølsnosi (med fantastisk Hurrungane-utsikt), og gikk vidare med lett vest for å auke tempoet.
Fekk besøk av eit yngre par i høgt tempo med joggesko. Verkeleg greitt å vere tre opp dei tre klyvepartia til Søre, Vetle og Store, og toppen vart nådd kl 16.20. Litt vrient å finne riktig veg opp til Søre og ned frå Vetle, men med litt ro og prøving så gikk det greitt.
Storen var til å ta og kjenne på herifrå der den viste si flottaste og mest majestetiske side.
Nedturen gikk fint, og det var freistande å ta ei natt på Stølsmaradalen (som dei andre to), men vidare nedover bar det (med nokre multestopp) til eg ankom bilen kl 21.45 etter herleg trilletur på sykkelen ned grusvegen over dei tre bruene.
I bratta ned frå Stølsmaradalen klarte eg å dunke meg i tversgåande tre to ganger mens eg fokuserte nedover... i tillegg til litt raude og såre tær etter mykje nedovergange.
Ein verkeleg flott tur i fantastiske omgivnader og kjekt tinderanglingsselskap på toppane, med mektige Vettisfossen i sidesynet i dei nedre partia av turen. Multemyrene (på ca 800m) var heller ikkje verst:)
Vel nede bar det vidare med bil til Sandane til sein middag kl 01.30.

Mykje klyving gjenstår... Vetle og Store frå Søre Midtmaradalstind.
Mykje klyving gjenstår... Vetle og Store frå Søre Midtmaradalstind.

User comments

  • -
    avatar

    Store Midtmaradalstind!

    Written by Stigun 04.08.2021 11:00

    Gratulerer med en crème-de-la-crème tinde! Svært imponerende å ta denne som en endagstur fra Hjelle tur-retur, attpåtil solo! 3 august 2021 ser ut til å ha vært en dato for prestasjoner utenom det vanlige �

    • -
      avatar

      Sv: Store Midtmaradalstind!

      Written by ilyslo 05.08.2021 03:14

      Takk:) Det var tidenes avstikker på bilturen Rong-Sandane. Turen var både finare, lengre og klyvemessig meir krevjande enn eg trudde - ei fantastisk oppleving.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.