Innerdalstårnet, Sunndal 1452moh (13.07.2021)

Written by irelun (Irene Lunde) GSM

Map
Ascents Innerdalstårnet (1,452m) 13.07.2021
Visits of other PBEs Innerdalshytta (410m) 13.07.2021

Eg og Elin gjekk inn vegen frå Dalen til Innerdalshytta, der vi overnatta. Neste dag byrja vi på turen opp til Storvatnet, og vidare opp renna i varmt sommarver. (Natta etterpå regna det, og om morgonen låg tåka heilt ned til hytta...) I skaret sette vi frå oss sekkane og gjekk i gong med klatring/klyving opp til toppen. Elin stoppa ca 50m frå toppen.
På veg ned att var det greit å ha hjelp frå eit par karar, som kunne støtte foten... Ikkje alltid greit med litt korte bein... Men: kom oss ned att uten store problem. Vi avslutta turen med bading i elva og dusjing ute.. :) Dagen etter gjekk vi ned att dalen.
Ein nydeleg dag, flott tur, spektakulær utsikt og kjekt å endeleg nå denne toppen :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.