Lebiko, Grasbråtan og Vålet i Finnskogen (27.07.2021)

Skrevet av Slaatto (Torhild Slåtto)

Kart
Andre besøkte PBE'er Grasbråtan (205moh) 27.07.2021
Lebiko (380moh) 27.07.2021
Vålet (310moh) 27.07.2021

I dag vart det ein flott hytte-til -hytte-tur på Finnskogen. Først var vi innom Grasbråtan. Koseleg plass.

Neste stopp var Lebiko, populær hytte på Finnskogen som er godt besøk. Det aller beste var skiltinga - med skilt frå hovudvegen og ved alle vegkryss gjennom skogen. Koseleg å rusla opp vegen frå bommen og komma inn på eit romsleg tun med fleire gamle, lafta bygningar. Dette har vore eit gammalt torp, men ikkje av dei eldste, kan vi lesa. Lebiko betyr or-skogholtet (lebi=or, ko=skogholt).

Siste hytta vi var innom i dag var Vålet. Dette er ein gammal husmannsplass, som er restaurert av Finnskogen Turistforening. Plassen vart rydda rundt 1850, les vi. Navnet Vålet kjem av vål=granbar. Det vart rydda jord nok til å setja ei tønne poteter og så 1/4 tønne korn i 1875. Det budde folk på plassen heilt fram til 1966.

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.