Slettmarkhøene (25.07.2021)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Gjendebu (1,003m)
Characteristic Alpine trip
Duration 10h 19min
Distance 20.2km
Vertical meters 1,338m
GPS
Ascents Slettmarkhøe (2,190m) 25.07.2021 09:23
Nestnørdre Slettmarkhøe (2,086m) 25.07.2021 09:23
Nørdre Slettmarkhøe (2,071m) 25.07.2021 09:23

Etter førre tur, så ei natt i telt ved Hellertjønne, og ein halv dag i sola der oppe, returnerte vi til Gjendebu. Der venta nydeleg middag og ei natts søvn. I dag tur inn Veslådalen. Etter ca. 3,5 km kryssa vi elva over brua på stien til Fondsbu. Forlot stien, og gikk rett opp på trakk til høgre for elva som kjem ned frå Slettmarkbrea. Opp denne kneika og innover. Nydeleg fint ved flatene under elva vi kryssa under breen. Så bar det på skrå opp den gras-kledde sida. Utsikta tilbake mot Veslådalen medan vi gikk oppover her var fantastisk. Grønt, åpent, og med flotte fjell å sjå. Etter kvart over i stein og sva-landskap. Greitt å finne rute opp. Vi valde å gå til venstre for snøfeltet. Noko kronglete og laus ur var det. Opp like under N1. Vi gikk så nord til N2, og her fekk vi flott utsikt. Følde så egga mot N2. Frå kanten av den loddrette veggen her, flott utsikt mot Langedalsbrea og store vakre bre-sprekkar. Lett opp mot Slettmarkhøe, men store blokker, og litt labyrint. Ein kan også halde litt ned frå egga. Fasinerande å komme opp på den lett avrunda brea som pregar toppen. Usikker på om dei to største steinane som no stikk opp frå den avsmelta brea er toppen. I min app viste varden nærast Slettmarkpiggen 1 meter høgare. Ein del blåis og smeltegroper i brea no. Vi gikk også ut på punktet snøhaugen mot Svartdalspiggane, og vidare til fyrste toppen på egga vidare. Denne anslo vi til ca. 9 pm. Men avstikkaren var kjekk, då det var flotte fotomotiv til heile loddrette svarte fjellveggen til høa og Langedalsbrea. Vel oppatt på høa, gikk vi over midtpunktet og byrja på returen. Denne la vi ned snøfeltet. Vi hadde på stegjern, noko som ikkje var nødvendig. Nydeleg utsikt heile vegen nedatt til breelva, der den deler seg, og vi passerte. Så transport-etappe på sti tilbake til Gjendebu. Godt slitne. Den forstua tåa for 17 dagar siden murra nede i eine skoen, og den med gnagsår under i andre. Treretters middag og ny natt med god søvn. Kjem gjerne tilbake til Gjendebu, i seg sjølv ein vakker stad.

Veslådalen mot Gjendebu.
Veslådalen mot Gjendebu.
Vakkert mot Veslådalen.
Vakkert mot Veslådalen.
Utsikt frå N2
Utsikt frå N2
Langedalsbrea og mot Bygdin.
Langedalsbrea og mot Bygdin.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.