Mannslagarnuten (18.07.2021)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Start point Kvitsundsundet (100m)
Characteristic Hillwalk
Duration 4h 58min
Distance 15.9km
Vertical meters 1,004m
Map
Ascents Mannslagarnuten (1,074m) 18.07.2021 14:16
Visits of other PBEs Tarren bålplass (750m) 18.07.2021 13:10

Dag 4 på Telemarksferie. Målet for dagen var Mannslagarnuten. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå råket frå Kvitsund opp mot Hestestodnuten, og i terrenget derifrå til Mannslagarnuten. Men etter at Kristine hadde sett på rapportene til Otto og JoSo endra vi plan. Det er vi glade for at vi gjorde. For det vart ein veldig fin tur.

Vi parkerte ved bommen innover mot Kvernes, og gjekk ivegen innover på grusvegen. Vi tok så av frå den. og gjekk på godt råk/ATV-veg til Tarren bålplass.
Derifrå gjekk vi i terrenget til toppen. Det var stort sett fine sva å gå på og greitt terreng. Eit lite, bratt parti med småklyving på om lag 850moh, ellers var det veldig greitt å gå. Litt kupert etter at vi kom opp på rundt 1000moh.

Vi gjekk same veg attende, og hadde ein god rast med bakevarer frå Shell på bålplassen.

På tur oppover til Mannslagarnuten, med Roholtfjellet bak
På tur oppover til Mannslagarnuten, med Roholtfjellet bak
Mot Mannslagarnuten
Mot Mannslagarnuten
På Mannslagarnuten
På Mannslagarnuten
Utsikt frå Mannslagarnuten
Utsikt frå Mannslagarnuten
Utsikt frå Mannslagarnuten, med Gautatoppen langt bak, mellom Skorvetoppen og Mælefjell/Lifjell
Utsikt frå Mannslagarnuten, med Gautatoppen langt bak, mellom Skorvetoppen og Mælefjell/Lifjell
Utsikt vestover frå Mannslagarnuten
Utsikt vestover frå Mannslagarnuten
Mot Roholtfjellet frå Mannslagarnuten
Mot Roholtfjellet frå Mannslagarnuten
Kviteseidvatnet frå Mannslagarnuten
Kviteseidvatnet frå Mannslagarnuten
På veg ned frå Mannslagarnuten, med toppen i bakgrunn
På veg ned frå Mannslagarnuten, med toppen i bakgrunn
Skolebrød-pause på Tarren bålplass
Skolebrød-pause på Tarren bålplass

Etter turen køyrde vi vidare mot Vinje. Vi hadde først ei badepause i Morgedalstjønni, før vi åt middag på Høydalsmo. Vi overnatta så i bilen på ein liten parkeringslomme ved Ljosdalsvatn i Tokke.

Ruta vi gjekk
Ruta vi gjekk

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.