Somrungsnebber og Storsalen (23.07.2021)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 11h 23min
Distance 26.2km
Vertical meters 3,081m
GPS
Ascents Litlsomrungnebba (1,700m) 23.07.2021
Litlsomrungnebba sørvest (1,657m) 23.07.2021
Navardalsnebba Ø (1,098m) 23.07.2021
Storsalen vesttoppen (1,715m) 23.07.2021
Storsalen austtoppen (1,715m) 23.07.2021
Storsomrungnebba (1,799m) 23.07.2021

Ein lang og minneverdig dag i Sunndalsfjella. Inspirert av ruteføringa frå fleire turrapportar var Somrungsnebber og Storsalen dagens mål. Etter å ha starta dagen i skodda opp lia frå Fale, så openbara verda seg straks etter vi hadde teke av stien i retning dagens første topp.

Speiding mot resten av dagens ruteføring
Speiding mot resten av dagens ruteføring

Frå Litjsomrungsnebba Sør gjekk vi eit stykke tilbake før vi runda ned i vestsida. Her gjekk minutta fort og metrane sakte - traversering i laus og bratt ur er ikkje det som bidreg til best framdrift, men vi hadde heile dagen på oss, så det fekk stå sin prøve.

Litjsomrungsnebba Sør. For den lokalkjende er det nok tid å spare på å leggje ruta meir rett nordover enn det vi tok sjansen på
Litjsomrungsnebba Sør. For den lokalkjende er det nok tid å spare på å leggje ruta meir rett nordover enn det vi tok sjansen på
Ned på nordsida av Litjsomrungsnebba
Ned på nordsida av Litjsomrungsnebba
Siste høgdemetrane til Storsomrungsnebba
Siste høgdemetrane til Storsomrungsnebba

Vidare over Litjsomrungsnebba, Storsomrungsnebba og Storsalen var terrenget betydeleg meir lettgått, utan at turen vart mindre spektakulær av den grunn. Ein sjeldan fin dag i høgfjellet - vindstille og perfekt temperatur frista til gode pausar. Vi tok oss tid til ein avstikkar på Storsomrungsnebba og eit måltid varmmat på Storsalen. Utsikta vestover langs Innerdalen er utvilsamt verdt turen åleine!

Lettgått frå Storsomrungsnebba i retning Storsalen
Lettgått frå Storsomrungsnebba i retning Storsalen
Ingen tvil om at dette skulle bli arenaen for dagens middag. Real turmat og meir enn real utsikt går hand i hand
Ingen tvil om at dette skulle bli arenaen for dagens middag. Real turmat og meir enn real utsikt går hand i hand

Frå Storsalen gjekk turen via den langt mindre spektakulære Navarnebba Aust. Ei stor steinur som nokon har plassert midt i dalen - velegna som listefyll, men ikkje så mykje meir. Deretter på vestsida av Tverrådalsvatnet før det vart eit bad i sørenden. Medan ettermiddag før lengst hadde vorte til kveld traska vi langs DNT-stien ned Falelia på slitne bein medan vi fekk tømt sekken for siste rest av seigmenn. Definitivt ein av Trollheimens flottaste!

Frå Navarnebba Aust mot Litj- og Storsomrungsnebba
Frå Navarnebba Aust mot Litj- og Storsomrungsnebba

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.