Grått og vått til Reinsjøfjellet (23.07.2021)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 54min
Distance 17.3km
Vertical meters 698m
GPS
Ascents Reinsjøfjellet (726m) 23.07.2021

Køyrde frå Mo i Rana til Grong, der eg hadde tenkt å ta denne turen som ettermiddags-/kveldstur. Men då eg kom til hotellet, striregna det, og vermeldinga sa kuling og tåke på Reinsjøfjellet, så det blei morgontur dagen etter i staden. Parkerte på Tømmersjøen vinterparkering der det har vore peakbook-folk før. Gjekk dei 500 metrane opp grusveg til hytteparkeringa og deretter ca 3-4 km på grusa stig før eg gjekk over på raudmerkt stig til høgre då eg såg Grytsjøen framfor meg. Gjekk så ca 1 km på stig før eg skar ut i terrenget til høgre. Gjekk på gps, for det var svært dårleg sikt med småregn og tåke i høgda. Terrenget var gjennomblautt, eg gjekk i regndress, men blei gjennomvåt på føtene i nye låge Goretex-sko. Oppdaga nytt hol i Goretex-støvlane då eg tok meg ein motbakketur frå Leksås i Grong kvelden før, så hadde valet mellom tunge fjellstøvler eller Goretex-sko. Sjølv om eg blei våt, fraus eg ikkje. Mykje småvatn og dammar som det galdt å orientere i forhold til, og på slutten var det også nokre bratte hamrar som ein skulle ta seg forbi og opp. Ruta eg følgde nedatt, var betre enn den eg følgde opp med omsyn til dei bratte partia. Varden låg i tåke då eg kom opp, men eg skifta og rasta i le, og idet eg starta på nedturen fekk eg eit glimt av sol og utsyn. Høgare himmel og betre sikt på nedturen. Såg to rjuper som eg prøvde å fotografere, sjekk dårleg bilete! Brukte 4 timar og 54 minutt brutto, 4 timar og 15 gåtid. 698 hm, 17,25 km. Gjekk aleine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.