Dyrhaugsryggen og Nestnørdre (21.07.2021)  6

Written by Peder (Peder Sperstad)

Start point Tindevegen (1,020m)
Endpoint Tindevegen (1,020m)
Characteristic Alpine trip
Duration 11h 45min
Distance 13.0km
Vertical meters 1,300m
GPS
Ascents Midtre Dyrhaugstinden Nord (2,135m) 21.07.2021 08:45
Midtre Dyrhaugstinden Sør (2,134m) 21.07.2021 08:45
Store Dyrhaugstinden (2,147m) 21.07.2021 08:45
Søre Dyrhaugstinden (2,072m) 21.07.2021 08:45
Nestnørdre Midtmaradalstinden (2,062m) 21.07.2021 08:45
Nørdre Midtmaradalstinden (2,025m) 21.07.2021 08:45

Flott rundtur med Hans Morten i nydeleg sommarvêr!
Parkerte bilen ved demninga i Ringsdalen og tusla oppover mot Store Dyrhaugstind. Vi tok der på hjelm/sele og fortsatte vidare utover ryggen i retning Midtre Dyrhaugstind Nord. Det var diverse luftige parti på ryggen, men følte aldri behovet for å finne fram tauet under dei perfekte tilhøva vi hadde denne dagen. Camelbacken vart overraskande fort tom i det varme vêret, men det låg heldigvis snø i skaret mot Søre Dyrhaugstind. Oppe på Søre var det også rennande vatn. Vi traff nesten ikkje folk heile dagen, men det var mykje trafikk opp frå Bandet til Søre Dyrhaugstind.
Vel over Midtre Sør og Søre Dyrhaugstind fortsette vi vidare mot Nørdre Midtmaradalstind. Også her luftige utfordringar, men ikkje heftigare enn det vi alt hadde opplevd på Dyrhaugsryggen. På Nørdre Midtmaradalstind sette vi att sekkane og rusla bort på Nestnørdre Midtmaradalstind, som eigentleg dagens hovedmål. Fantastisk utsikt i alle retningar.
Vi la returen via Austre Ringsbreen, Ringsbotn og ut Ringsdalen. Ca 150m nord for det lågaste punktet på Berges skar er det ein arm av Austre Ringsbreen som strekkjer seg langt oppover og er lett tilgjengeleg frå eggen via ei slak renne med mykje lausgods. For fyrste gong på turen kom tauet opp av sekken, og vi gjekk i tomanns-taulag ned på breen og vidare over breflata. Isøks og stegjern er å anbefale ved hardt underlag, men denne dagen gjekk det greit utan. Vi hadde nok sett for oss at returen skulle gå kjappare, men både nedgangen ned til Ringsbotn og dei to øvste kilometrane av Ringsdalen var prega av mykje lause morenemassar. Dette partiet er langt meir sjarmerande på ski i mai. Avslutta dagen med forfriskningar på Turtagrø.

Vi parkerte bilen oppe ved demninga i Ringsdalen.
Vi parkerte bilen oppe ved demninga i Ringsdalen.
Fine refleksjonar i Øvre Dyrhaug
Fine refleksjonar i Øvre Dyrhaug
Dyrhaugsryggen er mektig når den fyrst kjem til syne frå nord
Dyrhaugsryggen er mektig når den fyrst kjem til syne frå nord
Heile Dyrhangsryggen gjev orkesterplass til Skagastølsryggen og Storen
Heile Dyrhangsryggen gjev orkesterplass til Skagastølsryggen og Storen
Veldig god utsikt mot Skagastølsryggen
Veldig god utsikt mot Skagastølsryggen
Eit av mange morsomme klyvepartier.
Eit av mange morsomme klyvepartier.
Attendeblikk mot Midtre Sør frå Søre
Attendeblikk mot Midtre Sør frå Søre
Storen sett frå Søre Dyrhaugstind. Mykje meir stasj i selen enn vi ikkje fekk bruk for anna enn den beroligande effekten klirringa gjev i luftig terreng. Tauet lå i sekken heilt til vi skulle ned på breen frå Berges Skar

Enda fleire klyvepartier mot Nørdre Midtmaradalstind
Enda fleire klyvepartier mot Nørdre Midtmaradalstind
Hans på Nestnørdre Midtmaradalstind. Ny topp!
Hans på Nestnørdre Midtmaradalstind. Ny topp!
Ringstindane og Austanbotntindane tek seg godt ut frå ryggen opp mot Nørdre Mitdtmaradalstind
Ringstindane og Austanbotntindane tek seg godt ut frå ryggen opp mot Nørdre Mitdtmaradalstind
Storen er opplagt bakgrunn
Storen er opplagt bakgrunn
Ryggen vidare mot Store Midtmaradalstind ser også morsom ut
Ryggen vidare mot Store Midtmaradalstind ser også morsom ut
Fra Berges skar opp mot Søre Dyrhaugstind
Fra Berges skar opp mot Søre Dyrhaugstind
Storen sett gjennom det lågaste punktet på Berges skar
Storen sett gjennom det lågaste punktet på Berges skar
Nede på Austre Ringsbreen fra Berges skar
Nede på Austre Ringsbreen fra Berges skar
Store Ringstind er ein flott topp
Store Ringstind er ein flott topp
Midtre Ringstind likeså
Midtre Ringstind likeså
Flott utsikt mot Ringstindane frå Ringsbreen
Flott utsikt mot Ringstindane frå Ringsbreen
Ruta ned til Ringsbotn er prega av mykje laus stein. Fyrst eit par kilometer ute i dalen dukkar stien fram
Ruta ned til Ringsbotn er prega av mykje laus stein. Fyrst eit par kilometer ute i dalen dukkar stien fram

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.