To turar i Telemark: Brattefjell og Rustfjellet (20.07.2021)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Duration 5h 02min
Distance 15.7km
Vertical meters 822m
GPS
Ascents Brattefjell (1,540m) 20.07.2021 14:52
Rustfjellet (1,166m) 20.07.2021 19:40
Visits of other PBEs Bjåen P-lomme (840m) 20.07.2021 12:05
Bru Grotvassdalen (1,040m) 20.07.2021 13:15
Rustfjellet p-lomme (667m) 20.07.2021 18:52

Dag 6 på Telemarksferie. Vi køyrde inn den lange grusvegen innover Sudbødalen. Det siste stykke frå Skuldalen til parkeringa ved bommen var temmeleg dårleg. Når vegen er så dårleg, er det å foretrekke at dei tar betaling, så dei kan betre vegen sin litt.

Frå parkering og oppover til demningen på Sandsetvatn vart vegen faktisk mykje betre enn den var før bommen. Over til Grotvassdalen var det bra råk, og godt tilrettelagt med klopper over myrane. Frå råkslutt ved hytta i Grotvassdalen og opp til Brattefjell gjekk vi i terrenget. Det var litt kratt nederst, men det vart fort eit veldig fint terreng å gå i. Flott utsikt på toppen.

Godt tilrettelagt over myrane frå Sandsetvatn. Brattefjell midt i bilde
Godt tilrettelagt over myrane frå Sandsetvatn. Brattefjell midt i bilde
Brua over Grotvassåi. Viernuten bak
Brua over Grotvassåi. Viernuten bak
Grotvatni, med Robekknuten bak
Grotvatni, med Robekknuten bak
Kristine på toppen av Brattefjell
Kristine på toppen av Brattefjell
Mot Gaustatoppen frå Brattefjell
Mot Gaustatoppen frå Brattefjell
Robekknuten frå Brattefjell
Robekknuten frå Brattefjell
Bosnuten bak Sandsetvatn frå Brattefjell
Bosnuten bak Sandsetvatn frå Brattefjell
På veg attende mot Sandsetvatn frå Grotvassdalen. Bosnuten bak
På veg attende mot Sandsetvatn frå Grotvassdalen. Bosnuten bak

Rustfjellet

Etter turen på Brattefjell, ville vi ta ein tur til. Vi hadde sett ut Rustfjellet som ein flott tur, noko det var.

Vi hadde tenkt til å køyre inn den vesle stubben frå Åmotsdalen til parkeringa nedunder Rustfjellet. Der var det låst bom, så det gjekk ikkje. Da vart det å køyre rundt om Langlim.

Denne turen gjekk ikkje Kristine og eg i lag oppover, men eg tok eit motbakkedrag opp. Dei 500 høgdemetrane og 3,2 kilometrane vart tilbakelagt på 36 minuttar, med ein liten feilløping øverst ved ved Skor.

Flott utsikt på toppen, men litt kald vind.

Kristine på Rustfjellet
Kristine på Rustfjellet
Utsikt mot mellom anna Gaustatoppen frå Rustfjellet
Utsikt mot mellom anna Gaustatoppen frå Rustfjellet
Utsikt frå Rustfjellet
Utsikt frå Rustfjellet
Utsikt frå Rustfjellet
Utsikt frå Rustfjellet
Mot hytta på sørvesttoppen på Rustfjellet
Mot hytta på sørvesttoppen på Rustfjellet

Etter turen vart det eit bad i Flatsjå. Det var reklamert for ein badeplass der på ein brosjyre, men det var ikkje særleg fint å bade der.
Vi kjøpte med middag i Seljord, og køyrde opp til Raudklei parkering, og tok nok ei natt i bilen der.

Turen på Rustfjellet: 6,4 km - 501 hm - 1 t 38 min
Turen på Rustfjellet: 6,4 km - 501 hm - 1 t 38 min

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.