Jøronnatten og Troganattan (16.07.2021)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Tallakslinuten (981m) | 16.07.2021 14:10 |
---|---|---|
Troganattan (1,288m) | 16.07.2021 15:49 | |
Jøronnatten (1,274m) | 16.07.2021 17:16 | |
Visits of other PBEs | Røksbu parkering (560m) | 16.07.2021 12:08 |
Dag 2 på ferietur i Telemark. Vi køyrde frå overnattinga mellom Kongsberg og Notodden til Røksbuparkering på Lifjell. Derifrå følgde vi godt råk oppover mot Jøronnatten. God og varmt oppover, og ved Langetjønn vart det ein lang badepause.
Etter badepausa gjekk vi over eit markert toppunkt vest for vatnet. Dette val vi å kalle Tallakslinuten, som står på kartet, men nokre hundre meter sør for toppen. Frå Tallakslinuten gjekk vi vidare oppover mot Jøronnatten, og oppe på 1000moh tok vi av frå råket og gjekk mot Troganatten. Det var teikna inn fleire råk på kartet, og til å byrje med hadde vi bra råk, men midt oppe på høgda forsvann det. Ned mot bekken frå Bjørndalsvatnet vart det noko kratt, men ikkje for ille. Det såg ut som det gjekk eit betre råk litt nord for der vi gjekk.
Oppover mot Troganattan var det veldig godt råk eit godt stykke, men den siste biten var utan råk. Ned frå Troganattan var det stort sett fint å gå, men vi traff på ein skrent der vi måtte gå litt oppattover, før vi fann ein grei plass og klyve ned.
Opp til Jøronnatten gjekk vi også i terrenget, men det var stort sett fint å gå i. Ned frå Jøronnatten var det veldig bra råk. Det vart ein riktig flott tur.
På turen ned traff vi på ein røyskatt midt i råket. Morosam og nysgjerrig krabat.
Etter turen vart det bading, middag og minigolf på Telnes ved Seljordsvatnet, før vi køyrde til lysløypa på Raudkleiv ved Seljord for å overnatte.
User comments