Rundtur frå Vindøldalen (14.07.2021)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 8h 22min
Distance 41.1km
Vertical meters 2,835m
GPS
Ascents Botnnebba (1,278m) 14.07.2021
Fruhøtta (1,435m) 14.07.2021
Litlnebba (1,240m) 14.07.2021
Pekhøtta Øst (1,181m) 14.07.2021
Rognnebba (1,494m) 14.07.2021
Styggelifjellet (1,026m) 14.07.2021
Vassdalsfjellet (1,204m) 14.07.2021
Vassdalsfjellet N (1,182m) 14.07.2021

Tidleg oppmøte i Vindøldalen for ein langtur av det seige slaget. Ein lettløpt førsteetappe langs grusen vart etterkvart avløyst av eit terreng som var langt tyngre å ferdast i. Ei natt med regnver bidrog til at alt av lyng og mose var så glatt som berre lyng og mose kan bli, men ingen har vel sagt at fjelltoppsanking er ein komfort-idrett. Forholdsvis bratt langs sti og dyretråkk til Vassdalsfjella, før resten av dagens rute openbara seg for fullt.

Vassdalsvatnet gjer seg godt som fotomotiv ein fredleg onsdagsmorgon
Vassdalsvatnet gjer seg godt som fotomotiv ein fredleg onsdagsmorgon

På tvers av Fagerlidalen og opp første del mot Litjnebba var det stort sett lyng og myrlendt terreng å finne. Herifrå temmeleg fint til topps på Rognnebba, før det igjen gjekk smått ned ura på vestsida mot Botnnebba.

Utsikt mot Todals- og Innerdalsfjella med stadig påfyll av skodde
Utsikt mot Todals- og Innerdalsfjella med stadig påfyll av skodde
Påfyll av vatn ved Nordåbotnvatna. På mange måtar eit spektakulært område av Trollheimen, der ein er langt frå folk i alle himmelretningar. Lyden av absolutt ingenting er ein av mange gleder med ferdsel til fjells
Påfyll av vatn ved Nordåbotnvatna. På mange måtar eit spektakulært område av Trollheimen, der ein er langt frå folk i alle himmelretningar. Lyden av absolutt ingenting er ein av mange gleder med ferdsel til fjells

Ned til Nordåbotnvatna var det stadig små mosekledde hamrar å navigere rundt, og jammen var det meir lyng og motbakke i vente på nordsida av dalen opp mot Pekhøtta Aust. Mot Fruhøtta vart terrenget lettare, medan det ned mot Stygglifjellet igjen vart litt hit og dit mellom små hamrar og bergnabbar for å ta seg fram.

Etter å ha baska seg gjennom eit lite inspirerande terreng ned Stygglia bar det på slitne bein langs grusvegen tilbake til bilen. Eit godt innhogg på lista over Smultringar i Trollheimen vart feira med ein dukkert i Vindøla.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.