Bødalsfjellet 1495- Jostedalsbreen/Stryn - Lite besøkt! (12.07.2021)

Written by Eikås (Janne Eikås) GSM

Start point Kjenndalen (59m)
Characteristic Hike
Duration 6h 36min
Distance 11.4km
Vertical meters 1,522m
GPS
Ascents Bødalsfjellet (1,495m) 12.07.2021

Deilig med sommer og så utruleg fint å utforske nye fjell og ikkje minst all den utruleg grøderike og varierte naturfloraen som ligg i og rundt Jostedalsbreen. Alt ligg like ved i mitt næraste naturområde på under eit par timer. Eg liker meg aller best utforbi stiane! Her kan ein utforske i fred og ro som aller oftast! Bødalsfjellet er også eit fjell der muligheita er stor for å finne natur freden og ikkje minst fantastiske gamle natur og kultur historier. Om ein då er så heldig å treffe på det...
Det ligg lite informasjon om fjellet, det er nok eit fjell dei fleste skuer og sveiper blikket over i forbifarten inn til dei største omtalte natur attraksjonene i dette området. Etter å ha studert kartet, var det to oppganger som det sto på å utforske. Begge såg like interresente ut! Oppgangen ifrå Bødalen, og opp Kvanngytta var det eine alternativet. Ei rute undervegs som raskt vart valgt vekk, pga elvekryssing og stor elv. I ettertid har eg fått høyre at det skal være ei vaierbru å komme over. Oppgangen ifrå sørvest sida sto igjen ifrå Kjenndalen! Vi skua fjellsida og fant til slutt ut at det såg ut til å gå ei skråhylle heilt tett inn under den store markerte fjellhammeren på ca 450 -500 moh. Den såg ut til å være "optimal". Det utifrå andre erfaringer av terreng under sånne hyller. Men, ein kan jo aldri vite... Var innstilt på å måtte bruke tid på å leite etter muligheter. Med start ifrå Jørpeneset og jamt oppover mot Jørpegjølet, skulle det vise seg å være eit riktig valg vi tok. Overraskelsen var stor, då vi oppdaga mykje historiske kulturminner tett under denne lange berghammeren. Eg hugser at eg la merke til ikkje så langt ifrå vårt startutgangspunkt i den gamle moseura, at det var saga og tynna skog for ei stund sia. Noko som virka litt rart sidan det ikkje var sti. Kunne det tyde på at det kanskje var eit eller anna gammalt sel/støyl lengre oppe!! Det skulle vise seg å være ei forklaring på den obervasjonen. Ifrå ein lokal kjentmann, som eg snakka med i etterkant av turen. Så var det hjortejegerar som rydda opninger for jakta i kratt skogen. Dette skulle uansett vise seg å være eit fint valg, for vi hamna inn på etterkvart tydelig og ganske så trakka sti. Hjortetrakka gjekk litt på kryss og tvers, men det virka som vi hadde truffet hovudåra til dit vi hadde tenkt og håpt på skulle være riktig val!

Sporloggen er litt uregelmessig pga gps signala. Sporet inn mot Jørpejølet er riktig. Der fant vi vatn! Ganske så tørre forhald under denne turen og solvarm dag med 26 grader pluss og vindstille dag. Sporloggen viser også tur ned mot skaret til Kvanngytta, der vi sonderte muligheitene til vidare tur til Sørøst for Bødalsfjellet 1858 moh. Det kunne ha gått fint med litt utsatt klyving! Men, vi skulle retunere tilbake samme veg og då ville eg hatt sikring på returen. Kanskje kunne det være ein muligheit lengre ned og sør for hammeren og opp!!
https://www.kjenndalstova.no/bttur-ms-kjenndal

Fin morgenstart ifrå Jølster
Fin morgenstart ifrå Jølster
Eit finurlig og bratt terreng å utforske!
Eit finurlig og bratt terreng å utforske!
Hammeren var som vi håpte på og så uendelig mykje meir enn det ein kunne drøyme om i natur & historie :)
Hammeren var som vi håpte på og så uendelig mykje meir enn det ein kunne drøyme om i natur & historie :)
Finurlig!
Finurlig!
Her var å finne historie!
Her var å finne historie!
Her var å finne historie!
Her var å finne historie!
Noko som ligna ein gammal spade. Stukket innunder i vern, innimellom ei bergsprekk.
Noko som ligna ein gammal spade. Stukket innunder i vern, innimellom ei bergsprekk.
Kan dette være gamle tremeier for tørrhøy!
Kan dette være gamle tremeier for tørrhøy!
Kan dette være gamle tremeier for tørrhøy! Heilt ufattelig at dei drifta så bratt og ulendt! For eit "slit" for å overleve! Men, kanskje dei ikkje såg sånn på det. Det var livet! Dette er ikkje så lenge sidan...Det forteller så mykje! Det er med ære, kjenner eg å få oppleve desse kulturskattane.

Nydelig terreng!
Nydelig terreng!
Denne blomsten eller urten! Var spesiell her i dette området under hamrane på 500 moh. Den lukta nydelig og litt urte aktig. Har ikkje sett den før og usikker på kva den heiter!
Denne blomsten eller urten! Var spesiell her i dette området under hamrane på 500 moh. Den lukta nydelig og litt urte aktig. Har ikkje sett den før og usikker på kva den heiter!
Mot toppen av Bødalsfjellet 1495 moh
Mot toppen av Bødalsfjellet 1495 moh
Flott skue & blikkstille på Bødalsfjellet 1495 moh
Flott skue & blikkstille på Bødalsfjellet 1495 moh
Flott skue & blikkstille på Bødalsfjellet 1495 moh
Flott skue & blikkstille på Bødalsfjellet 1495 moh
Ifrå Bødalsfjellet 1495 moh  mot Lovatnet
Ifrå Bødalsfjellet 1495 moh mot Lovatnet
Returen!
Returen!
Vakker skue og bratt retur!
Vakker skue og bratt retur!
Magisk område!
Magisk område!
Etter tur måtte ein inn til det innerste i Kjenndalen og skue det ville & det vakre. Like ved Tjuvskora, som har eit navn og eit sagn! Det står eindel om sagnet og Bødalsfjellet på sider 38 og 39 i Breføreren - Opp- og nedganger på breer i Norge. Den Norske Turistforening & Fjellsport DNT. ISBN-82-90339-11-9

Mot Kjenndalsbreen
Mot Kjenndalsbreen
Mot Kjenndalsbreen!
Mot Kjenndalsbreen!

Meir om skreda:
https://www.nrk.no/arkiv/artikkel/raskatastrofen-i-loen-1.3863437

User comments

  • -
    avatar

    Så flotte bilder!

    Written by ligroenb 10.08.2021 21:49

    Synd jeg ikke fikk sjansen til å bli med dere på denne. Eneste toppen jeg har igjen i Stryn, men kvier meg for å ta den alene, derfor har den blitt på vent! Jeg håper ånfå med med Ove, som har gått den før :-)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.